• Det er for mange flyplassar i fylket. Kutt Førde, sats på Florø. Det gir fleire avgangar og billegare billettar, seier forskar.

— Frå eit reint økonomisk perspektiv er det for mange flyplassar i Sogn og Fjordane, seier Jon Inge Lian, forskingsleiar ved Transportøkonomisk Institutt.

Særleg har flyplassane i Førde og Florø kome svært nær kvarandre i reisetid ettersom vegen mellom byane har blitt betre. Lian er klar på at det er Florø ein bør satse på i framtida.

— Florø har lengre rullebane, som gjer at ein kan få større flytypar. Dersom marknaden blir konsentrert her, vil flytilbodet bli betre med lågare prisar og fleire sekvensar, seier Lian.

Fly billegare

Sjølv om førdianarane vil få lengre reisetid, meiner han at summen blir positiv for den samla mengda av reisande.

— Dei som er busett i Førde vil få 30-35 minutt lengre reisetid, men vil likevel vinne på andre måtar, til dømes gjennom billegare flybillettar.

Forskingsleiaren meiner tida er overmoden for å gjennomgå flyplasstrukturen i heile landet. I tillegg til sparte flyplassutgifter, er det endå fleire millionar å spare på mindre tilskot til flyrutene, påpeikar Lian.

Viktig for identiteten

Men politisk er dette ei vanskeleg sak.

— Det er mykje lokal prestisje og identitet knytt til det å ha eigen flyplass, i tillegg til ein del arbeidsplassar, seier Lian.

Forskingsleiaren meiner ein må ta ibruk vegutbygging som eit positivt verkemiddel for å få lokal aksept for endringar i flyplasstrukturen.

— Men held ein flyplassen ved like må vegutbygginga vike. Ein kan ikkje få i både pose og sekk, seier Lian.