— Så langt har vi ingen mistenkte. Men vi arbeider ut frå teorien om at dei som har gjort dette, må ha vore lokalkjende personar, seier lensmannsførstebetjent Arnt Johny Langeland til Bergens Tidende.

Langeland utelukkar ikkje at hemnmotiv kan liggje bak.

Materialstabel

Det var natt til laurdag at forbipasserande naboar oppdaga at det brann i ein materialstabel som låg lagra i garasjen til lensmannen. Garasjen er i kjellaren i bustadhuset på Sande. På grunn av materiale stod garasjeporten open.

Inne i huset låg lensmannen og fire andre personar og sov. Naboane fekk varsla dei som var i huset, og brannen blei sløkt før brannvesenet kom til staden.

Politiet gjekk tidleg ut med at dei meiner brannen må ha vore påsett. Materialen låg midt i rommet, utan noko rundt seg som kunne gjere at det tok fyr. I tillegg meiner politiet at ei brennbar væske har vore brukt.

Kripos

— Vi er ikkje sikre på kva stoff vi snakkar om. Men vi har sendt ein del materiell som skal analyserast av Kripos, og reknar med at vi vil få svar på dette, seier Langeland.

Gjennom heile helga har politiet drive intensiv etterforsking for å finne ut kven som kan ha stått bak eldspåsetjinga. Ei rekkje personar har vore kalla inn til avhøyr.

— Har lensmannen på førehand motteke truslar eller signal som brannstiftingsforsøket blir sett i samanheng med?

Blir ofte trua

— Politifolk opplever jo relativt ofte både trugsmål og ukvemsord, men det er ingen ting konkret som skulle tilseie at dette skulle skje.

Langeland, som leier etterforskingsarbeidet, opplevde sjølv i sommar at både bilen og båten hans blei ramponert. Då lensmannsførstebetjenten var på ferien skjedde fleire tilfelle av hærverk. Den gongen sa Langeland at han rekna med det var ein hemnaksjon for noko han hadde gjort i jobben.