• Er det kampen for lokalsjukehuset i Lærdal som ligg bak skriveria i Dagbladet? Talsmann for legeforeininga Rune Larsen går langt i å hevde det.

Tysdag gjekk han ut i NRK Sogn og Fjordane og peika ut ein av Dagblad-journalistane som har skrive kritisk om Bolstad som dottera til varaordføraren i Lærdal. Ho har, til liks med andre politikarar i Lærdal, kjempa hardt for det lokale sjukehuset.

Overlege Rune Larsen er forsiktig med å seie det rett ut, men få er i tvil om kva han meiner: Lærdal har fått Dagbladet på si side, i kampen for lokalsjukehuset og mot sentralisering til Førde.

— Eg stiller i alle fall spørsmålet, seier han.

— Eg trur at han (Bolstad red. mrk) er handlekraftig, at nokon er redde, seier Larsen og knyter tidspunktet for skriveria til at styret no må kome med nye kutt for å få 2006-budsjettet i balanse.

— Men kva med deg sjølv då? Du er vel òg farga av at du er overlege på sjukehuset her i Førde?

— Eg trur at skal du lykkast med Helse Førde, må vi vinne kampen om kompetansen, seier Larsen.

Det inneber at fylket må ha eit miljø som er stort nok til å spesialutdanne sine eigne legar.

— Viss du skal flytte ferdige spesialistar frå andre stader må agnet vere veldig godt, seier han.

Ein oversikt avisa Firda har laga viser at dei fem best løna legane i Helse Førde i fjor alle arbeidde i Lærdal eller Nordfjordeid. Dei tente frå 1,4 til 1,9 millionar kroner, medan Helse Førde-sjef Jan Bolstad til samanlikning tente 900.000 kroner.