Carl Riiber (75) bygde Hopstock hotell som brann i natt.

— Livsverket mitt er i grus. Nå skjønar eg verkeleg kva det inneber når folk seier dette, seier ein prega Rieber til bt.no.

Han er far til hotellet sin eigar, Carl André Riiber. Han låg og sov då han blei vekt av sonen under brannen i natt. Då såg han at livsverket brann.

Redd for heimebrygget

Carl Riiber kom til Vik i 1967 og dreiv gamle Hopstock hotell i eit par år. Han kom attende i 1971 og kjøpte hotellet. I 1973 bygde han hotellet slik det ser ut i dag.

Hotellet har 28 dobbeltrom og er oppført i teglstein. I 1990 overlet hotellet Carl Riiber hotellet til sonen Carl André.

— Eg håpar heimebrygget har overlevd brannen. Men eg har ikkje kome meg ned i kjellaren, der det er store vannskader, seier han.

Verste tidspunkt

For eigar Carl André Riiber kom brannen på det verst tenkjelege tidspunktet. Turistsesongen har nettopp starta.

I kveld skal gammalostfestivalen starte i Vik og det skulle vera bli kjent-fest i Hopstock-hagen, som er i underetasjen i hotellet.

— Den står no under vatn etter brannsløkkinga, seier Carl André Riiber.

Han har nyleg overtatt eit dampbakeri, der han har laga ein pub og har nokre overnattingsrom.

— Dermed må vi ta desse i bruk. Saman med andre rom eg har her i Vik, håper vi å ha ein del rom til festivalen likevel, seier han.

Brannvesenet og politiet rykte ut til staden då brannmeldinga kom like før klokka 03.00.

Alle dei 65 gjestene og dei tilsette kom seg ut utan at nokon blei fysisk skadde, opplyser politiet.

Hotellet var fylt opp av tilsette i tannlegetenesta i Bergen Vest, Askøy og Sotra som har hatt eit todagars kurs i Vik.

— Alarmen gjekk klokka 02.45. Evakueringa var ganske resolutt. Alle kom seg ut, men nokre hadde lite klede på seg, seier tannlege Geir Evensen, gjest på hotellet.

Vanskeleg sløkking Brannen starta i søraustre enden av hotellet, på verandaen. Bygningsmaterialar og overlevingsdrakter til bruk i hotellet sin ribbåt skal ha tatt fyr, før hotellet blei overtent.

Då brannvesenet kom, brann det på kaldloftet og gjennom taket.

Sløkkingsarbeidet gjekk føre seg fram til klokka 07.00. No er brannen sløkt, opplyser politiet.

Familiehotellet Hopstock hotell & motell ligg midt i Vik sentrum, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar.

— Det er vanskeleg å kome til med sløkkinga. Brannen har spreidd seg ned i konstruksjonane, sa operasjonsleiar Arild Stokkereit hjå Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

— Brannen har vandra over heile taket, seier han.

Flytta til pub Gjestene blei frakta til Dampen pub i nærleiken i natt. Hopstock har óg ein motelldel som ikkje vart teken av flammane. Der kunne gjestene kvile ei stund.

— Dessutan har Vik camping og privatpersonar stilt opp, seier hotelleigar Carl André Riiber til bt.no.

Han kunne berre sjå på at livsverket blei tatt av flammane i natt.

— Evakueringa gjekk knirkefritt. No får vi sjå på omfanget etter kvart, seier Riiber.

Han er full av lovord over Vik brannvesen.

— Det har vore snakka om at små bygder skal misse røykdykkarlaga sine. Utan røykdykkarar i Vik i natt kunne denne brannen ha blitt ein katastrofe, seier Riiber.

Arne Hofseth