— I dag kom to jenter i 18-årsalderen gåande mot meg på gangvegen. Da dei fekk auge på meg, vart dei tydeleg redde og la på sprang vekk frå meg, fortel ein afrikansk mann i midten av 20-åra til Bergens Tidende.

Mannen er nigeriansk, og er eit av vitna som såg Hedda og den sikta norsk-somaliaren utanfor utestaden Meieriet drapsnatta.

— Det verkar som om dei unge er meir redde for oss svarte etter det som har skjedd, meiner han.

— Dessutan ser nordmenn tydelegvis ikkje skilnad på oss afrikanarar, sjølv om vi gjerne kjem frå vidt forskjellige deler av kontinentet.

Ved Sogndal statlege mottak har stemninga vore trykka den siste veka. Den sikta norsk-somaliaren har ofte vore innom mottaket i sentrum av Sogndal, også etter at han etablerte seg med arbeid og eigen bustad.

No håpar både tilsette og bebuarar at saka ikkje skal skade forholdet mellom asylsøkarane og lokalsamfunnet.

— Vi er glade for at politiet no har funne ut kven dei meiner står bak denne ugjerninga, og ved mottaket vil vi no stille opp for alle som treng det, seier mottaksleiar Hanne Lund Solbakken i Sogndal.