Den 53 år gamle kvinna sit bakarst i hjørnet ved vindauget i rettssal 3 i Fjordane tingrett. Diagonalt over golvet, framme ved døra, sit mannen som påtalemakta meiner drap den mellomste dotter hennar. Fleire rekkjer med pressefolk sit mellom dei to, dei har ikkje blikkontakt.

Seinare i veka må Marta Slåtten heilt fram til han, setje seg i vitnestolen og fortelje dommarane kva ho har vore igjennom. Dersom ho maktar.

— Ho veit ikkje om ho vil greie det. Ho har ikkje kome seg vidare i livet, og er framleis sjukmeldt. Ho opplever at livet er øydelagt for alltid, seier Rune Tysse, bistandsadvokat for familien til Anne Slåtten.

- Varmt og nært

Kjærasten til Anne Slåtten prøvde å setje ord på tapet då han vitna i går. Kjartan Hjorteland hadde vore i lag med sjukepleiarstudenten i eit års tid, og var i Stavanger då Anne vart meldt sakna.

— Det var eit veldig varmt og nært forhold. Vi var med kvarandre så ofte det gjekk an; gjerne to-tre langhelger i månaden, sa 27-åringen.

Han snakka med kjærasten natta før ho vart borte. Ho hadde vore på kveldsvakt, og dei hadde avtalt at han skulle ringje. Det gjorde han i 3-tida, etter å ha vore på byen med kameratar.

— Eg ringjer til henne, trass i at eg veit at ho søv. Er du forelska så er du forelska, sa 27-åringen.

Anne skulle dagen etter ha siste vakta si på helsetunet før ferien, gledde seg på sommaren og var i godt humør.

— Det var ingenting som tyda på frykt av noko slag. Det var ein samtale prega av gjensidig kjærleik mellom to menneske, sa Hjorteland.

- Det kjæraste vi hadde

Då meldinga kom dagen etter om at Anne var sakna, bestilte både kjærasten og foreldra flybillettar til Førde. Dei kom fram på formiddagen måndag, berre eit par timar før 23-åringen vart funnen død.

— Det kjæraste vi hadde var sakna. Difor reiste vi, sa kjærasten i retten. Tida etter drapet skildra han som «å ha sigla på eit hav av sakn, der det er mange stormar av sorg». Han fortalde at han hadde brukt mykje tid på kyrkjegarden der Anne ligg gravlagt.

Bistandsadvokat Tysse seier at det verste for familien i går var å møte den tiltalte sagbruksarbeidaren.

— Det er sjølvsagt tungt. Men det å delta er også ein del av det å arbeide med den sorga dei ber på. Dei ønskjer å vere til stades, det er også ein måte å bry seg på, seier Tysse.

Han har fremja eit samla krav på 750.000 kroner i oppreising og erstatning til familien. Mora har vore sjukmeldt frå stillinga si i kommunehelsetenesta sidan drapet.