Stord, Lærdal, Nordfjord, Voss. Dei siste åra har fakkeltoga gått Vestlandet rundt i protest mot omstillingskrav til fødeavdelingane på lokalsjukehusa.

— Av og til undrar eg meg over at det ikkje også går fakkeltog i store byar som Oslo eller Bergen, seier klinikkoverlege Per E. Børdahl ved KK.

I byen må kvinner tradisjonelt føde på store avdelingar, dele rom med fleire andre og forhalde seg til stadig nye pleiarar og jordmødre. Dei har sjeldnare nær familie rundt seg, men må likevel hurtig ut, også når dei gjerne skulle vore der eit døger eller to til.

— Vi har eit langt meir desentralisert fødetilbod enn andre nordiske land. Dette fokuset forsvinn i skinnet frå fakkeltoga, seier Børdahl.

Han legg til at kravet om å omorganisere fødetilbodet er like sterkt på store som på små fødeavdelingar.