— Han har eit vinnande vesen, men veit kva han vil og står for meiningane sine, fortel Sletvik. Han meiner det er ein fordel at Hellandsjø representerer medlemsmassen og ikkje framstår som ein typisk styregrossist.

— Hugs at Redningsselskapet er ein medlemsorganisasjon, seier Sletvik.

Sletvik er spent før landsmøtet, og tør ikkje forskottera sigeren.

— For oss er dette nesten like spennande som Stortingsvalet.