Det seier Pål Espen Haukedal, korpsleiar i Bømlo Røde Kors Hjelpekorps. Framleis søkjer 33 personar frå hjelpekorpset frå mellom sju og ti båtar. Søkeområdet vest for Bømlo strekkjer seg frå Skotningane utanfor Lykling til Goddeneset i nord.

Trass i nærast vindstille og fine forhold på sjøen, er søket komplisert.

— Det er så mange øyar. Det blir mange kilometer med strandlinje å undersøkja, seier Haukedal.

Småfly på bakken

Ein miniubåt frå Amundsen Diving AS blei i morgontimane sett inn i søket utan at det har gitt resultat så langt.

Det har også blitt vurdert å setja inn eit fly frå Aeroklubben i Bergen, men lågt skydekke har gjort det umogleg, opplyser operasjonsleiar Harald Aase ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

— Det er inga resultat så langt. Me håpar sjølvsagt på å finna han i live, men ettersom tida går, svinn håpet. Men me har ikkje gitt opp enno, seier Aase.

Trur han har falt over bord

Krepsefiskaren reiste ut tidleg onsdag og skulle vera tilbake ved 17-18 tida. Då den 44 år gamle yrkesfiskaren ikkje kom heim som avtalt, melde kona frå.

Sjarken hans blei funnen klokka 00.03 natt til torsdag - ein nautisk mil vest for Olvondo.

— Båten hang fast i linene og motoren gjekk. Det er klart vi trur han har falt over bord, seier Aase.

<b>KOMPLISERT SØK:</b> Trass i nærast vindstille og fine forhold på sjøen, er søket komplisert. - Det er så mange øyar. Det blir mange kilometer med strandlinje å undersøkja, Pål Espen Haukedal, korpsleiar i Bømlo Røde Kors Hjelpekorps. FOTO: LENA VERMEDAL