• Tiltalte levde på ei livsløgn, sa aktor Walter Wangberg om 31-åringen som er tiltalt for å ha lurt Aetat og politiet trill rundt.

TERJE ULVEDAL

— Ja, det gjorde han, repliserte forsvararen, advokat Harald Stabell, under prosedyrane i Sunnfjord tingrett i går.

— Men i motsetnad til hos Ibsen, der det heiter at tar du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske tar du livsgleda frå han, var min klients livsløgn aldri til noko glede for han.

Ikkje som andre

Gjennom den tre dagar lange rettssaka i Førde har den personlege tragedien i den unike saka komme stadig sterkare fram, noko også forsvararen la sterk vekt på i sitt avslutningsinnlegg.

— Dette er ei personleg tragedie for tiltalte sjølv, familien og vennene. Men i tillegg er det også ei keisamt sak. For Aetat, trygdeetaten og politiet, konstaterte Stabell.

Forsvararen framstilte sin klient som ein person utan sjølvtillit.

— Han hadde eit fysisk handikap, i barndommen kan det vere vanskeleg. Han var ikkje som andre barn, men ville ikkje bli oppfatta annleis, sa Stabell.

Forholdet til faren

Aktor la sterk vekt på at tiltalte heile tida har vore klar over kva han gjorde:

— Gjennom ti år har han konsekvent gitt urette opplysningar for å styrke si eiga sak. Han har hatt massevis av sjansar til stoppe og trekkje seg ut. Men gjorde det aldri, sa Wangberg.

Også siste dag av rettssaka kom forholdet til faren, som er lensmann, til å stå sentralt. Første dagen fokuserte tiltalte på at han følte seg pressa av faren til å studere jus.

— Vi har høyrt psykologen som vitna i retten seie at dette har hatt liten betydning. Også for meg blir hans forklaring på dette området mindre vesentleg enn han meiner sjølv, sa aktor Wangberg. Og viste til at faren hadde hjelpt han, i den tru at sonen hadde juridisk embetseksamen.

— Det var faren som skaffa tiltalte jobb på politikammeret i Florø i den tru at han hadde embetseksamen. Det sonen gjorde sette faren i vanry, sa aktor.

Tiltalte reagerte sjølv svært sterkt på deler av aktors prosedyre. Under store deler Wangbergs avslutningsinnlegg skjulte han ansiktet med hendene.

Greidde ikkje seie nei

Advokat Stabell greip fat i Wangbergs prosedyre, og meinte tiltalte hadde opplevd eit betydeleg press frå faren om å komme i gang med utdanning, og at det skulle vere jus.

— Faren arbeidde sjølv i politiet. Embetseksamen var eit studium han ikkje hadde. Slik sjølvrealisering frå foreldre til barn er langt frå ukjent. Eg tvilar ikkje på at faren ønskte det beste for sonen, men for min klient blei det eit veldig press. Han greidde ikkje å seie nei.

Og til påstanden om at tiltalte hadde hatt ei rekkje sjansar til å avslutte narrespelet sjølv, argumenterte Stabell med at tapet ville bli for stort.

— Han sat i eit nett, og kom aldri ut av det. Han frykta å bli utstøytt og misse ansikt. Han ønskte å bli avslørt, men greidde ikkje å gjere det sjølv.