Navn: Helga Eriksen

Alder: 55

Yrke: Forfatter

Bosted: Sandviken

Hvor vokste du opp?

— På Rommetveit på Stord.

Når flyttet du til Bergen - og hvorfor?

— Eg flytta hit i 1969 for å unngå å bli lærar. Både far min og alle dei andre der eg budde var lærarar. Eg tenkte eg måtte finne på noko anna.

Hvordan trives du i Bergen?

— Bergen er ein by det er lett å forlata og lett å kome tilbake til. Ein kan dra herfrå til lands, til sjøs og i lufta. Dessutan er sentrum deilig konsentrert, slik at ein kan gå til det meste. Eg likar å gå.

Hva er spesielt med Bergen?

— Det er den mest byliknande bygda i Norge.

- Hvor går søndagsturen?

— Det er litt sesongavhengig. Om hausten går turen til hemmelege soppstader. Eg bur nær Munkebotten og Fjellveien, men tar og turen over Vidden, til Ulriken eller på Gullfjellet.

Favoritt utested?

— Eg går lite ut, men skal eg drikka kaffi på formiddagen, går eg på Jacobs i Kong Oscars gate eller så et eg med vennene mine på Kafe Kippers. Etter et møte i Forfattersentrum går vi på Logen Bar.

Hvor handler du klær?

— I Oslo, eller når eg er på reise. Då er eg meir ekstravagant på eit vis. Eg likar eigentleg ikkje å handle klede.

De beste skillingsbollene?

— Gi meg heller ein croissant naturell.

Ditt beste skoleminne?

— Å ta eksamen artium og bli ferdig med skulen. Og gleda til mattelæraren min då eg fekk beste karakter i matte.

Din bergenske favorittrett?

— Persetorsk og prinsefisk synest eg er veldig godt.

Hvor er du medlem?

— I Norsk Forfatterforening, Norske barne- og ungdomsbokforfattere og Norsk Forfattersentrum. Eg er og medlem av Ølve mållag. Det var ein supervervar som fekk meg med.

Hva samler du på?

— Erfaringar. Eg lever, og deretter tenker eg over kva eg opplever.

Ditt bergenske favorittuttrykk?

— Eg snakkar ikkje nynorsk! Det viser noko om kor nærme bergensk ligg nynorsken. Opp til ungdomsskulealderen har bergensungane eit greitt tilhøve til nynorsken, men så blir nynorsk spynorsk, og det er synd. Det er ei sperre her.

Hva er du mest stolt over?

— At bergensarane bryr seg så engasjert om byen sin, slik at dei til og med klarte å avvise Clear Channel-avtalen. Det er eg veldig stolt av. Det er dette som er det kulaste med Bergen.

Hva ville du vist ein turist?

— Det måtte bli Nordnes med kulturhuset på Verftet og smauene. Eit barn ville eg vist Akvariet. Deretter måtte vi opp på Fløyen for å få oversikt over byen. Ein tur i Fjellveien er også fint.

Hva er du minst stolt over?

— Det må vere det at bergensarane ikkje let ungane sine lese nynorske barnebøker, som for eksempel den nye boka mi «Kome og gå». Det er noko språkleg intolerant med Bergen som gjer at eg føler meg i eit slags språkleg eksil.

Hva mangler i Bergen?

— Jo det skal eg sei deg. Det manglar ei lang sandstrand som det alltid er sol på.

Hva saknar du når du er på reise?

— Ingenting, for når eg er på reise så er eg der eg er.

Det mest romantiske stedet?

— Eg trur det må vere den nye Astrup-samlinga som skal kome i Bergen kunstmuseum.

Ditt første kyss?

— Eg går ut frå at det skjedde før eg flytta til Bergen. Sannsynlegvis på ein fem kilometer lang fottur heim frå dans etter at siste buss er gått.

Favorittbergenser?

— Det er sonen min. Han er ein ekte bergensar. Han er så bergensk at om han hadde budd i Angola så ville han ha gledd seg til regn. Men han skriver sms-ar på nynorsk til meg. Han er den beste bergensar av alle bergensarar.

Har du gått i buekorps?

— Nei. Eg ser på dei som eit levande museum. Ein gong budde eg på Tollbodalmenningen og då må eg seie at laurdagskorpsas ettermiddagsøvingar sette eg ikkje pris på. Eg kunne omtrent ikkje vere heime.

Når var du på Stadion sist?

— Ein gong på 70-talet. Men eg ventar på å bli invitert.

Det flotteste byfjellet?

— Det må vere det Georg Johannesen kallar Bergens ontofane fjell, eller det heilage Ulriken. Då eg budde i Welhavens gate hadde eg utsikt til både Løvstakken, Ulriken og Fløyen, og det er Ulriken som har fjellprofil.

- Ein god dag i Bergen?

— Anten regnar det og eg skriv på eit eller anna som eg får godt til eller det er strålande sol og eg sit på uterestaurant på Verftet saman med gode vener og ser på solnedgangen.

- Ordfører for ein dag?

— Den dagen måtte eg vere godt førebudd. Først måtte eg ha hatt eit møte med Torstein Dahle. Så skulle eg nedlagt forbod mot feile orddelingar og feil i små handskrivne reklameplakatar i det offentlege rom. Så ville eg hatt eit stort seminar for offentleg tilsette i Grieghallen med god mat og ei god tale. Den skulle handle om korleis ein skal vere hyggelege med befolkninga og ha respekt for alle aldrar og kategoriar menneske.

Bergen om 50 år?

— Anten så er det eit lok av eksos over byen, Rådhuset er byens lågaste høgblokk og første etasje på Bryggen er konstant under vatn. Eller så er all privatbilismen fjerna frå sentrum. Sidan bergensarane er så flinke til å passe på byen sin, så håpar eg dei reagerer kvar gong politikarane kjem med destruktive inngrep. Eg likar Bergen godt som han er. Men eg kunne godt tenke meg nokre skyskraparar på Nygårdstangen og på laksevågsida slik at Rådhuset ser lite og ubetydeleg ut.

TRUDE HAUG

JAN M. LILLEBØ