• Ukulturen i HSD byrjar på reiarlagskontoret, ikkje om bord i båtane, seier tryggleiksinspektør Arne Sagen.

Fyll, forlis og grunnstøytingar. Rettssaker og skandaleoppslag. Det er tøft for tilsette i HSD Sjø å gå på jobb om dagen.

Betre vart det ikkje etter at konserndirektør Dagfinn Neteland uttalte til VG at det er ein «ukultur» i selskapet, som er «sjøbasert». Påstanden provoserer tryggleiksinspektør Arne Sagen.

Han seier det er meiningslaust at HSD-leiinga skyv ansvaret for ulykker og problem nedover i organisasjonen,

— Det er å snu problemstillinga på hovudet, seier den erfarne tryggleiksinspektøren til BT.

— Vi har gjort mykje dei siste to åra for å betre kulturen i selskapet, seier konserndirektør Neteland til NTB. Kva Sagen skriv utan å få tilgang til dokument og ut ifrå det han får informasjon frå ein annan part som er i konflikt med selskapet, kan ikkje bli heilt objektivt, seier han.

- Ikkje selfangstskuter

— HSD har hatt god høve til å gripe fatt i forhold som kan føre til ukultur. Ferjene til HSD er trass alt ikkje selfangstskuter som overvintrar i isen, men båtar i rutinemessig trafikk frå morgon til kveld rett utanfor stoveglaset til HSD, seier Sagen.

Han meiner at fylleskandalen om bord på M/F «Os» fredag er nok eit tragisk eksempel på at dyktige sjøfolk ikkje blir tekne vare på.

— Eg har møtt mange framifrå, ansvarsfulle sjøfolk i HSD. Men dei har også vore frustrerte, fordi dei gong på gong har påtalt tryggleiksmanglar overfor leiinga utan å få respons, hevdar Sagen.

— Viss vi føler at leiinga gir blaffen i oss, mister vi motivasjon og interesse for arbeidet, likevel kor vi arbeider. Reiarlaget har ansvar for å motivere, engasjere og ta vare på sine tilsette. Det som har skjedd er teikn på at det har utvikla seg ein ukultur både i reiarlaget og på skipa, og at reiarlaget ikkje maktar oppgåvene.

- Ikkje brannslokking enno

— Bør HSD miste konsesjonen?

— Nei, det ville vere sørgjeleg. Eg håpar ikkje det skjer. Men HSD må ta skikkeleg rev i sigla. Viss reiarlaget ikkje maktar å ta hand om forholda, må noko gjerast.

— Å ta frå HSD konsesjonen ville vere ei form for brannslokking, seier Sagen.

— Men vi byrjer ikkje brannslokking før huset tek fyr.

Sagen er forfattar av «The ISM-code», eit referanseverk for krav dei internasjonale reglane set til reiarlag og sjøfartsstyresmakter.

For eit år sidan utarbeidde han ein sakkyndigrapport om HSD på oppdrag frå Sjøoffisersforbundet, og fekk innsyn i ein del informasjon om reiarlaget.

— Eg vart skremd. Det overraskar meg at eit reiarlag som har vore gjennom ei så alvorleg ulukke som Sleipner, tilsynelatande ikkje har lært nokon ting, seier Sagen til BT.

— Kvar ny episode kunne blitt ei ny Sleipner-ulykke, hevdar han, og siktar til dei mange grunnstøytingane, ulykkene og skandalane dei siste ti åra.

- Vedkjem deg og meg

— Kva bør HSD gjere no?

— Først og fremst rette seg etter norsk lov om tryggleiksstyring for passasjerskip, som var innført 1. juli 1996. Reiarlaget må sette inn kompetanse og ressursar til dette, og dessutan ville det. I dag skortar det på alle tre punkt.

— Desse HSD-episodane er ikkje berre maritime saker, men vedkjem meg og deg, transport og kommunikasjon for oss alle, minner Sagen om.

— Folk reiser med desse båtane dagleg, i arbeid og fritid. Neste gang er det eg som skal på ferie på Vestlandet, og da vil eg helst komme meg trygt over fjorden.

HAR DEI LÆRT NOKO?: - Eg vart skremd. Det overraskar meg at eit reiarlag som har vore gjennom ei så alvorleg ulukke som Sleipner, tilsynelatande ikkje har lært nokon ting, seier Sagen til BT.