— Slik det norske medisinstudiet er lagt opp, er det svært teoretisk. For å bli gode legar må vi ha praksis, seier Aarsund. Han meiner at dersom dagens turnusteneste blir tatt vekk, må den erstattast av eit anna opplegg med praktisk trening.

Aarsund har turnustenesta si ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Men på grunn av dei siste års endringar i sjukehustilbodet i Helse Førde, må han til Førde for å få erfaring med akuttkirurgi. Det same er tilfelle med turnuskandidatane som hamnar i Lærdal.

Tillitsvald for Yngre legers forening på Førde sentralsjukehus, Ida Neergård Sletten, seier den faglege biten av turnustenesta i Sogn og Fjordane no fungerer godt. Men det er klart ei sosial ulempe å måtte flytte for å få fullført sjukehusdelen.

— Turnuslegar er ofte familiefolk, og må flytte anten med eller frå barn for ein periode, seier Neergård Sletten.

Ho peikar også på at turnusopplegget som er lagt i Helse Førde i periodar fører til eit stort press på den kirurgiske avdelinga ved sentralsjukehuset.

Kjell-Bjarte Aarsund er ein av tolv turnuskandidatar som i desse dagar «går i lære» på kirurgisk avdeling på sentralsjukehuset. Han seier mange opplever det som negativt at dei må flytte, og ikkje kan ha heile turnustida ved same institusjon.

— Men for meg har det vore ei god erfaring å ta med seg. Eg har opplevd det som positivt at eg også får kjennskap til sjukehuset i Førde.

Han trur Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har rett i at utkantområde skal få slite med å få legar, dersom det blir kutt i turnustenesta. Aarsund er ikkje i tvil om at turnustenesta er viktig for å få nyutdanna ut i distrikta, og for å få dei til å bli der når dei er ferdig utdanna.

— Ei nedlegging av lokalsjukehus vil gjere det endå vanskelegare.