— Eg lever fordi eg har godt humør, seier Tobben Hvidsten.

I oktober 2003 fekk han hjernebløding, slag og fleire hjartestans.

— Eg stod i dusjen. Yngste sonen min var tilfeldigvis innom for å henta nokre treningsklede. Det siste eg hugsar, er at eg syntest det var så vondt å få vassdropane i hovudet. Så høyrde sonen min at eg datt. Det neste eg hugsar, er at eg vakna på sjukehuset på Voss, fortel Hvidsten.

I mellomtida hadde han lege i koma og vore kopla til respirator på Haukeland universitetssjukehus i ein månad. At han kom til å vakna att, var det ingen som trudde.

— Dei hadde gitt meg opp, seier han enkelt.

Vurderte å kopla frå

Sonen Odd Rune fekk beskjed om at han og resten av familien måtte vurdera om faren skulle koplast frå respiratoren. Han reagerte ikkje på noko, og det var ikkje teikn til liv.

— Legane sa at oddsen for at han kom til å overleva var liten, og dersom han vakna - kva liv kom han til å vakna til? Eg snakka med resten av familien om å kopla han frå respiratoren, og me prøvde å finna ut kva far min ville gjort sjølv dersom han hadde fått bestemma, fortel Odd Rune.

Men før dei hadde teke noka endeleg avgjerd, slo Tobben Hvidsten augo opp. Først låg han nokre dagar slik, utan å reagera på noko. Så byrja han å røra pupillane, og til slutt byrja han å snakka.

— Han har vore svineheldig, konkluderer sonen.

Medisin: godt humør

  • Då eg skulle skrivast ut, sa overlegen til meg at legane ikkje hadde noka god forklaring på kva som hadde skjedd med meg. Litt av æra ville dei ha, resten gav dei til det gode humøret mitt, fortel Tobben Hvidsten.

Etter å ha vore innlagt ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus, gjekk turen til Hagahaugen rehabiliteringssenter. Men så ville han heim og attende på jobb.

— Eg vart skriven ut derifrå palmesøndag. Etter påske, stilte eg på jobb ved Vaksdal mølle. Men eg vart jaga heim, fortel han med eit smil.

Det tok ikkje så lang tid før han var attende, men berre i halv stilling. Sjølv ville han gjerne jobba fulltid, men legane tillet ikkje det.

— Eg er stiv oppom beltet, men elles har eg det heilt fint, smiler Tobben Hvidsten.

- HAR DET FINT: - Eg sleit litt med å hugsa namn like etter at eg vaknafrå koma, og det er litt vanskeleg å få på seg sokkane om morgonen.Men elles har eg det heilt fint, fortel Tobben Hvidsten som fekkhjernebløding for vel to år sidan.
TOR HØVIK