— Vi kjem til å bruke nedlegginga av Lavik sjukeheim som eit eksempel på korleis dei eldre ikkje skal behandlast, seier leiar i organisasjonen, Helga Sellevold, til Bergens Tidende.

«Kamp for de eldre» har følgt Lavik-saka sidan sist haust. Alle dokument organisasjonen har samla inn om sjukeheimnedlegginga, er alt oversendt komiteen og statsråden. Dette er gjort for at dei kan førebu seg til møtet.

Blir skilde med tvang

— Eg føler at det no må bli eit løft for haldningar. Alder og alderssvekka menneske har ingen status i Helse-Norge. Her må instillinga endrast, seier Sellevold.

Sist fredag skreiv Bergens Tidende om ekteparet Johanna (88) og Nils Bjørkhaug (90) som etter 64 års ekteskap blir tvangsskilde når sjukeheimen i Lavik skal leggjast ned. Johanna har budd i eldrebustad, vegg i vegg med sjukeheimen der ektemannen er pasient. Sjukeheimnedlegginga fører til Nils blir overflytta til Kyrkjebø, meir enn fire mil unna.

Ei multihandikappa kvinne i slutten av 50-åra er også mellom dei seks pasientane som no skal flyttast. Kvinna har syskjen, foreldre og heile nettverket sitt i Lavik-området.

— Når vi opplever slikt som dette i Lavik, har vi ikkje respekt for dei det gjeld, seier Sellevold.

Har klare rettar

Spesielt reagerer Sellevold på at den multihandikappa kvinna kan bli flytta.

— Etter mitt syn bevegar kommunen seg her på grensa av lovverket. Vi meiner denne kvinna har klare rettar som gjer at ho må få bu i nærmiljøet sitt.

— Men er det som skjer i Lavik så uvanleg i forhold til andre kommunar?

— Det spesielle er at kommunen legg ned ein velfungerande sjukeheim.

Negativ utvikling

Sellevold viser til at det i Lavik er det nok omsorgsytarar rundt heimen, noko som slett ikkje tilfellet alle plassar. I tillegg er det gitt heilt klare politiske signal på at eldreomsorga skal leggjast opp slik at dei gamle i størst mogleg grad får tilbod i sitt nærmiljø.

— I Høyanger skjer det motsette, seier leiaren i «Kamp for de eldre».

I møtet med stortingspolitikarane vil Lavik-saka bli brukt som døme på utviklinga i norsk eldreomsorg.

— Vi vil synleggjere at slike ting skjer. Anten på grunn av feilprioriteringar, eller fordi kommunane rett og slett får for lite pengar, seier Sellevold.

FOTO: TERJE ULVEDAL