— Med ein reddande telefonsamtale så nære, så var det frustrerande å ikkje kunna handtera mobilen. Uansett kor mykje eg prøvde, så klarte eg ikkje å få opp borelåsen på den vanntette posen den låg i, fortel Andreassen.

Dermed vart det avgjerande at matros Linda Røyrøy om bord i snøggbåten «Teisten» fekk auge på 22-åringen som låg og flaut i sjøen etter kajakkveltet seint tysdag ettermiddag.

— Eg trudde berre det var ei badeblåse. Men då eg såg ekstra etter var det ein person, seier Røyrøy som jobbar i kiosken om bord, og som berre tilfeldig var på brua på dette tidspunktet.

— Me hadde nesten køyrt forbi då Linda heldigvis hadde augo med seg, opplyser skipper Alf Magne Møgster.

Den uheldige kajakkpadlaren får ikkje takka hjelparane sine nok.

— Kjensla då eg såg at «Teisten» stoppa og snudde kan ikkje beskrivast. Den var fantastisk. Eg hadde ikkje tørrdrakt. Det var 15-20 minuttar sidan eg hadde velta og var så kald, så kald.

Kor mykje lenger han hadde halde ut i det 7-8 grader varme vatnet veit han ikkje.

— Truleg ikkje så veldig lenge. Det hasta. Hadde ikkje snøggbåten kome så tvilar eg på at eg hadde klart meg.

- Generaltabbe

Andreassen la ut på padleturen sin frå Sagvåg på Stord klokka 16.20. Planen var å padla sørover mot Trekantsambandet for å fotografera bruene i den flotte kveldssola.

— Eg skulle halda meg langs land heile vegen. Difor droppa eg tørrdrakta.

Det var ein bommert. For ved Sætrevik bestemte 22-åringen seg for å ta ein snarveg som nær enda i katastrofe.

— Brått befant eg meg ute i open sjø, med store bølgjer og sterk straum. Eg fekk slagside og vart vippa rundt. I neste augneblink låg eg med kjølen opp og med heile kroppen under vatn. Eg undervurderte vêret, og overvurderte meg sjølv. Det var ein generaltabbe.

Kamp for å overleva

Han spente seg laus frå kajakken og gjorde eit forsøk på å koma seg tilbake oppi. Det gjekk ikkje.

— Deretter prøvde eg å symja inn til land saman med kajakken. Det gjekk heller ikkje. Straumen var for sterk.

Det var då han kom på mobiltelefonen. Men den gjorde vondt verre.

— Eg fekk jo ikkje ringt. I tillegg førte fiklinga med posen til at eg mista taket i kajakken. Den forsvann på eit blunk i vinden. Der og då velta alvoret innover meg og eg skjøna at dette kom til å verta ein kamp for å overleva, fortel han.

Ei kvit lita snekke hadde allereie passert, utan å sjå den unge mannen som kjempa for livet. Heldigvis såg dei betre om bord i Tide sin snøggbåt.

— Mannskapet fekk meg om bord og gav meg ein dusj og tørre klede. På Rubbestadneset stod ambulansen som tok meg til Stord Sjukehus. Eg vart utskriven seinare på kvelden i god form etter å ha lege til observasjon i to timar.

Henrik Andreassen kantret like utenfor Digernes. Klikk «større bilde» for å se kartet i full størrelse.
www.mapquest.com
Kjetil Østrem
MS Teisten plukket opp den uheldige kajakkpadleren.
Ove Olderkjær