Internasjonale forskarar har så langt rekna med at 40 millionar barn og vaksne er hiv-smitta. Av desse bur 26 millionar sør for Sahara — i Afrika og Asia.

Men datagrunnlaget for overslaget har gitt eit altfor pessimistisk bilde av epidemien, viser funn, som blir lagt fram på ein internasjonal hiv-konferanse i Bergen i dag. For nokre land kan talet på hiv-smitta faktisk halverast.

— Det ser ut til at vi forskarar kan ha tatt ein god del feil, når det gjeld omfanget sør for Sahara, seier professor Knut Fylkesnes ved Senter for internasjonal helse ved Universitetet i Bergen.

— Men det skal vi vere glade for. Eigentleg er det fantastisk!

- Enorm forskjell

Ta Botswana, som til no hatt dei høgaste hiv-tala. Forskarane reknar med at nær 40 prosent av alle mellom 15 og 49 år i det afrikanske landet er smitta. Men på konferansen presenterer Fylkesnes data som viser at det eigentlege talet truleg er nærare 25 prosent.

— Det er jo ein enorm forskjell, sjølv om hiv-epidemien framleis er ein kjempeepidemi, seier Fylkesnes til BT.

I Kenya har ein til no rekna med at 15 prosent er smitta av hiv. Nye funn tyder på at 7 prosent er eit meir realistisk tal - altså over ei halvering. I Zambia har talet til vore estimert til 22 prosent, mens 16 prosent er meir sannsynleg.

— Hiv-epidemien har likevel eit enormt omfang. Mange kan tenkje «kva så»?

— For forskarar er det avgjerande å ha eit så korrekt datagrunnlag som mogleg, slik at vi kan måle effekten på ulike tiltak nøyaktig. Det verste vi kan gjere er å ta feil, svarar Fylkesnes.

- Ikkje bevisst feil

Både sårbare målingssystem og haldningsendringar er årsak til at tala truleg må revurderast.

På 90-talet baserte forskingsmaterialet seg i høg grad på anonym testing av gravide som kom til helsekontroll.

  • Spørsmålet er om desse gravide kvinnene er representative for menn og kvinner i normalbefolkninga, seier Fylkesnes, som sjølv har forska på hiv i Afrika, sidan byrjinga av 90-talet.

Data frå Zambia, der han sjølv har arbeidd mykje, tyder på at svaret er nei, fordi prosenten for nysmitte blant gravide er langt meir pessimistisk enn for resten av befolkninga. Tolkinga får bergensprofessoren stadfesta i nye, landsdekkjande populasjonsstudier frå totalt åtte afrikanske land.

— Det handlar ikkje om endring, men om andre typar data. Altfor høge tal er heller ikkje uttrykk for ei bevisst overvurdering av epidemien, for vi hadde god grunn til tru at dei var rimeleg realistiske, seier Fylkesnes.

- Utdanning beste vaksine

Også adferdsendringar blant velutdanna afrikanarar har ført til færre nye tilfelle av hiv dei seinare åra.

— Di meir utdanning, dess mindre tilfeldig sex og meir konsistent kondombruk. For å seie det slik: Utdanning er den vaksinen som verkar - i mangel på andre vaksinar, seier Fylkesnes til BT.

I lågare samfunnslag er smittesituasjonen uendra, men Fylkesnes er optimist.

— Vanlegvis ser vi at atferdsendringar og trendar vanlegvis tek til i høgare sosiale lag, og deretter spreier seg til andre grupper, opplyser han.

Forskarar frå 17 land deltek på bergenskonferansen, som er eit samarbeid mellom norske institusjonar og forskingsmiljø i Afrika og Asia. Fylkesnes er førebudd på motbør etter innlegget sitt.

— Men mange har venta på slike funn, og bør derfor ikkje bli overraska.

— Kva med hiv-tala her heime? Er dei representative?

— Ja, fordi våre målingssystem er ganske gode. Dei få tilfella vi har, veit vi om.