Amanuensis i økonomisk geografi Michael B. Hageberg veit meir enn dei fleste her i landet om kjøpesenter. Han trur ikkje Lagunen med si storutviding vil ta kundar frå Bergen sentrum.

— Eg trur tapa først og fremst vil kome i alternative butikkar i søndre bydel. Det vil seie Kilden, Fanatorget, Nesttun og ikkje minst isolerte einskildbutikkar, seier Hageberg.

Strøymde til

Parkeringsplassen og barneparken på Lagunen var fulle i går føremiddag.

Frå ein skobutikk dundra smørpop ut gjennom høgtalarar, her var pangtilbod frå plakatar, og regionsjef Jostein Nordvik i leikebutikk-kjeden Brio gjekk rundt i Panda-drakt og delte ut drops og ballongar til store og små born.

— Vi skal skrive ei oppgåve - det var den einaste måten vi kunne kome hit på, seier Linn Hope.

Klasse 8E på Rå ungdomsskule har saman med to parallellklasser lagt delar av skuledagen på Lagunen.

Hope går rundt saman med fire venninner og samlar effektar frå butikkane. Hendene er fulle av ballongar og plastposar med roser, brus og reklameeffektar.

Milliardbutikk

120.000 menneske er innom Lagunen kvar veke. På eitt år legg dei att 1,2 milliardar kroner. Med 42 nye butikkar blir det 350 millionar kroner meir, vonar senterleiar Tore Moberg.

— Vi treng for så vidt ikkje fleire kundar, men å få dei som er her til å handle meir. Problemet til no har vore at folk ikkje har fått dekt alle behov i Lagunen, seier Moberg, som med 112 butikkar truleg kan skilte med å vere Norges tredje største kjøpesenter.

No trur han det vil endre seg. Nær halvparten av dei nye butikkane i kjøpesenteret er motebutikkar, og utvidinga er meint å gje kjøpesenteret ein litt «dyrare» profil.

Moberg vonar endringane vil gjere at Lagunen klarer å kapre fleire kundar i gode tider. Frå før har kjøpesenteret, med sin lågprisprofil, klart seg godt i dårlege tider.

NYE TIDER: Unge og gamle kan vandre rundt i 112 butikkar etter at Lagunen åpna 42 nye i går. Kjøpesenteret har no fått ein litt «dyrare» profil.
FOTO: MARITA AAREKOL