Sorenskrivar Steinar Velle meiner at han dermed legg lok på viktige opplysningar.

Det var Velle som i ein dom påpeikte korleis påtalemakta forskjellsbehandla ein jernbindar og ein profilert advokat som vart tatt av det same fartskameraet i nøyaktig same fart.

Medan jernbindaren på normal måte fekk fengsel, bot og inndratt førarkort, slapp advokaten unna i det stille utan rettsak, utan fengsel, utan inndraging og med ei beskjeden bot.

Graverande

Politiet gav unnvikande og til dels varierande forklaringar på kvifor dei to identiske sakene var behandla så ulikt. Statsadvokaten i Sogn og Fjordane, Jan Hoel, har i brev til politiet karakterisert saka som «uheldig».

Men Velle meiner saka er så graverande at han ville ha den etterforska av det særskilte etterforskingsorganet Sefo, og bad Riksadvokaten gje ordre om slik etterforsking. Dette har riksadvokat Tor-Aksel Busch sagt nei til.

— Riksadvokaten meiner å kunne fastslå at politiet ikkje har gjort straffbare feil i saka. Det gjer han utan etterforsking av desse forholda. Eg er på ingen måte tilfreds, seier Steinar Velle til Bergens Tidende.

Velle framheld at det viktigaste har vore å få sett søkelyset på kva som eigentleg skjedde.

— Heilt frå starten har politiet lagt opp til at folk ikkje skulle få vite noko som helst om dette, seier Velle. - Spørsmålet er blant anna kva som var årsaka til at advokaten ikkje fekk beslaglagt førarkortet.

Til etterretning

— Riksadvokaten si avgjerd er interessant, og viser kva maktmiddel han sit med. Folk flest kan ikkje sette saka inn i rett samanheng. Dette veit eg ut frå interne dokument eg har sett, seier Velle.

— Kva for dokument?

— Det kan eg ikkje seie, svarar sorenskrivaren,

— Meiner du sjølv at det politiet har gjort, er straffbart?

— Eg er sjølv medlem av Sefo, og ser kor mange bagatellmessige saker vi etterforskar. Denne saka har langt meir substans enn mykje av det andre, seier Velle, som heretter ikkje kjem til å ta fleire formelle steg for å få saka ytterlegare belyst.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier til Bergens Tidende at det ikkje fanst noko i saksmaterialet som tilsa at noko straffbart var skjedd. Dermed er det inga Sefo-sak

— Statsadvokaten har kalla politiet sin handlemåte for «uheldig». Velle sine synspunkt var kjent for oss da vi tok avgjerda, men eg tykkjer han verkar meir bastant no i ettertid, seier Busch.