• Mange kvinnelege studentar har vendt seg til oss og fortalt at dei er redde for å gå ut om kvelden etter drapet i Sogndal.

Det var på styremøtet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane at rektor Johs. Thaule sa dette om etterverknadene av drapet på den 19 år gamle jenta på folkehøgskulen.

Drapet skjedde for vel tre veker sidan. Den drapssikta er enno ikkje pågripen, to veker etter at mannen på 35 år vart etterlyst med namn og bilete.

For framtida til studiestaden Sogndal sa Thaule, ifølgje avisa Firda, at han «synest det er sørgjeleg at omdømet til Sogndal som studiestad vert skadelidande etter drapet på folkehøgskulen i bygda».

Rektor og styreleiar Thaule hadde følgjande bodskap til høgskulestyret: — No har vi ein stor jobb å gjera for å få fram kva som skjer på studiestaden Sogndal.

— Eg er glad dette ikkje skjedde i byrjinga av april, like før søknadsfristen til Høgskulen, sa han.

Den 19 år gamle jenta frå Telemark vart sist sett i livet på veg heim frå ein nattkonsert i studenthuset Meieriet i 0130-tida, og funnen drept på hybelen sin tidleg på kvelden same døgnet.