• I ettertid ser eg at ein del ting kunne vore takla annleis i denne saka, seier skulesjef Haakon Skjerdal i Aurland.

Det er Skjerdal som har handtert saka på vegner av kommunen sidan den kom opp på seinsommaren. Sjølv om kommunen som arbeidsgjevar og barnehageeigar ikkje har gripe inn i saka, er Skjerdal heilt klar når vi spør:

— Nei, på sikt kan vi ikkje drive ein barnehage som ikkje har tillit blant foreldra. Og vi kan heller ikkje ha styrarar som ikkje skal ha direkte kontakt med barna, seier han.

Midt oppe i den vanskelege saka har eit habilitetsspørsmål reist seg, då skulesjefen er i familie med ein av dei involverte i saka. Men Skjerdal reknar seg berre som inhabil overfor denne eine personen, og meiner han kan handtere saka elles.

Skulesjefen viser til rådmannen i kommunen, som skal svare på ytterlegare spørsmål i saka.

— Vi innser at dagens situasjon ikkje er haldbar på sikt, og vi har nettopp sett i verk tiltak opp mot dette, seier rådmann Terje Grymyr.

— Målet er å finne tilbake til dei gode arbeidsforholda, og vi har engasjert bedriftshelsetenesta i dette arbeidet.

— Kva med barnas interesser oppe i dette?

— Det har gått for lang tid før vi gjer inngrep. Men ting er altså på gang, seier Grymyr.

— Vi vil sjå på heile barnehagen i denne prosessen.

— Har kommunen vurdert å tilby den aktuelle styraren anna arbeid?

— Nei. Og barna er skjerma i ein prøveperiode, seier rådmannen. Han er ikkje kjent med at styraren ved sjukdomsforfall likevel skal ha hatt direkte kontakt med barna.