• Dersom brannstasjonen på Lindås hadde vore nedlagt, hadde det vore tre nedbrende hus på Lindås laurdag.
HILDE KRISTIN STRAND

Det seier Gjert Holtan, brannsjef i Lindås og Meland.

Administrasjonen i Lindås kommune har fleire gongar føreslått å leggja ned brannstasjonen på Lindås. Førebels har politikarane sagt nei.

— Det seier seg sjølv korleis det hadde gått dersom det ikkje hadde vore stasjon på Lindås. Det tek 25 minutt å kjøra frå Knarvik. Laurdag var mannskapa våre på plass etter fem minutt. Då var huset allereie overtent og det eine av nabohusa hadde fått nokre små skadar på takrenne, kledning og vindauge, seier Holtan.

Holtan fortel at brannberedskapen i kommunen har bakgrunn i ei risikoanalyse. Hovudstasjonen ligg i Knarvik. At det er sjukeheim både på Lindås og i Knarvik er ei medverkande årsak til at det er brannstasjonar begge plassane.

— Men kommunen har dårleg økonomi, og alle avdelingane må vera budde på å spara pengar. Brannvesenet er ikkje fristilt i så måte, seier Holtan.

Under sløkkingsarbeidet laurdag ettermiddag var tjue mann i sving. Holtan skryt av innsatsen deira.

— Me måtte konsentrera oss om å redda dei to husa som låg nærast. Brannen braut ut i eit byggefelt, og der står husa tett. Men det nedbrende huset låg slik til at det ikkje var overhengande fare for at endå fleire hus skulle verta råka av brannen, seier Holtan.

MISTA ALT: Anita og Kurt Fosse mista alt dei eigde i brannen i Lindås laurdag. Fleire hus kunne gått tapt. ARKIVFOTO: ERLEND SPURKELAND