Det kom fram da rettssaka i Nordfjord tingrett vart avslutta i dag.

I går kom det fram at mannen tilsto tilhøva han er skulda for.

— Han endra forklaring i det fjerde avhøyret. Det kjem litt seint. Så mykje kreditt for det trur eg ikkje han får, sa statsadvokat Bjørn Kristian Soknes til bt.no då.

37-åringen er tiltalt for lekamsskading med døden til følgje. Tiltalen har ei strafferamme på åtte år.

Tiltalte sin advokat, Anders Folkman, meiner 3,5 års fengsel er for mykje.

Forklaringa til tiltalte i går var samanfallande med opplysningane som Kripos og medisinsk sakkunnige la fram.

Rettsmedisinar Inge Morild ser ikkje bort frå at kvinna som vart funnen sterkt forslått i skogen og seinare døydde, kunne ha overlevd viss sambuaren hadde ringt etter hjelp i tide.

Etter å ha slått henne medvitslaus, bar han henne 300 meter bort frå den trafikkerte vegen og inn i eit skogholt, slik at ikkje nokon skulle oppdage at han hadde slått henne. Der forklarte han at han sovna, og då han vakna opp att, var det ikkje liv i sambuaren. Han skal då ha gått heim for å hente vatn og klede. Klokka halv sju kom han tilbake og oppdaga at noko var gale. Då ringde han mor si som er sjukepleiar, og etter det til ambulanse. Kvinna vart sendt til Haukeland universitetssykehus med ein kroppstemperatur på 27,6 grader, og ho døydde kort tid etter.