— Ein treng ikkje å påvise at Krekar utgjer ein konkret fare. Det er nok et ein vurderer han som ein mogeleg fare, fastslo Hanssen i går ettermiddag.

Hanssen konkluderte samstundes med at staten mottok anken frå mulla Krekar over tingretten si avgjerd i utvisningssaka.

Det er vel kjent at både USA og Irak pressar på for å få Krekar utlevert til Irak. Hanssen opplyser til BT at han er budd på å sende Krekar ut utan at han har fått prøvd saka si for lagmannsretten.