Ordførar Astrid Farestveit Selsvold (Ap) i Kvam har hissa på seg både politikarar og veljarar etter at ho snudde i skulesaka.

Partifellar

vil ekskludere henne , Kvam Venstre meiner at ho er ferdig som ordførar, andre spår at Kvam Ap raknar.— Ap ser ut til å vere det partiet som er hardast råka av striden, seier forskar Dag Arne Christensen (bildet) ved Rokkansenteret.

- Eit paradoks, spør du meg

På eit medlemsmøte denne veka vart heradstyregruppa til Ap fristilt til å røyste som dei vil i skulesaka. Derfor meiner Christensen at kravet om eksklusjon er merkeleg.

— Det blir rart, dersom eit medlemsmøte først vedtek å gje representantane høve til å stemme som dei ønskjer, for deretter å ha eit nytt møte for å ekskludere dei som brukar denne fridomen. Eit paradoks, spør du meg.

Å ikkje bruke partipisken i skulesaka kallar Christensen «eit sympatisk trekk» av Kvam Ap. Men fristilling ser ut til å innebere geografisk stemmegjeving, påpeikar han, og siktar til at den eine utbrytaren, Even Øyri, er busett i Øystese, og den andre, ordføraren, i Ålvik.

Geografisk konflikt

Forskaren kallar skulestriden i Kvam ein rein geografisk konflikt, der partipolitikken er sett ut av spel.

— Verken ideologiar eller partipolitiske skilje spelar inn. Skiljelinjene går ikkje mellom parti, men adresser, seier han.

Vanlegvis representerer eit politisk parti interesser i heile kommunen. Kvam, derimot, har eit topartisystem, seier Christensen, der to bygder står steilt mot kvarandre.

— Opphavet til topartisystemet er som regel sterke konfliktar, der vinnaren tek alt. Skulesaker har eit veldig konfliktpotensial, og handtering av prosessen er avgjerande.

Utløysande for skulestriden i Kvam, meiner Christensen, var at det første skulevedtaket i heradsstyret i 2005 ikkje var godt nok forankra.

Avvikaren Kvam

Forskaren har evaluert personvalreforma som vart innført i 2003, og dessutan følgt nominasjonsprosessane i 42 lokalparti i Hordaland. Funna viser blant anna at

  • personstemmer betyr svært lite, veljarane stemmer stort sett i tråd med listene.
  • politisk erfaring og kjønn er langt viktigare på listetoppane enn geografi.

Kvam avvik på begge desse punkta, og har dessutan ein heilt spesiell noregsrekord: Ved kommunevalet i fjor gjorde kvemmingane 30.000 rettingar på 4500 partilister. Dette er over 25 prosent fleire enn ved valet i 2003. — Det einaste som kan forklare denne auken er mobilisering, seier Christensen.

Skulesaka i Kvam er utypisk også på den måten at Norheimsund tok til å mobilisere etter at heradsstyret hadde gjort vedtak om å halvere talet på ungdomsskular.

— Det har eg aldri høyrt om før. Som regel skjer denne typen mobilisering før ei sak skal opp.

For mykje av det gode

Skulestriden har utvikla seg til ein bitter feide mellom Øystese og Norheimsund. Christensen understrekar at demokrati også handlar om å vere ein god tapar.

— Ein må vere i stand til å akseptere at andre stikk av med sigeren. Om mindretalet aldri aksepterer fleirtalet, blir resultatet destruktivt.

Etter alt å døme snur heradsstyret i skulesaka tysdag, noko som kan gjere vondt verre. Kva utvegar finst det i slike fastlåste konfliktar? Ei løysing kan vere å gå tilbake til null. Men dét er vanskeleg i Kvam, der ein ny ungdomsskule til åtti millionar kroner alt står ferdig. Ei anna løysing kunne vere å dele Kvam i to.

Av og til kan oppsplitting vere ein måte å løyse konfliktar på, men det ville vere eit nederlag. Dessutan er det vanskeleg å sjå for seg kommuneoppdeling i ei tid prega av tru på større einingar, seier Christensen.

Når ein ser til Hardanger er det uansett eit paradoks at nettopp konfliktar og motsetningar blir etterlyste, for å få fleire nordmenn til å bruke stemmeretten.

— Det kan bli for mykje av det gode. Det føler sikkert mange i Kvam.

Kva meiner du om denne striden? Kommentér her!

ATT OG FRAM: Ein av landets mest moderne skulebygg, Kvam ungdomsskule, står halvtom.
Ørjan Deisz
Paul S. Amundsen
TROND OLAV SKRUNES (arkiv)