• Striden rundt Statnetts nye kraftliner på Vestlandet kan sjåast som ein test på om lokaldemokratiet fungerer i dette landet.

Det seier Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel (H).

Det er straks kommune— og fylkestingsval, og Lødemel viser til at staten stadig kjører kampanjar for å få folk til å engasjere seg og bruke stemma si.

— Her har vi ei sak der lokale krefter stort sett over heile fjøla har sagt nei til monsterlinene. Da blir det veldig merkverdig dersom statlege styremakter går vidare i same sporet. Dette er ein kamp mellom sterke krefter, og kan godt sjåast som prøvestein på om demokratiet vårt fungerer, seier Lødemel.

Måndag stilte dei politiske partia på kraftline-møte i Oslo i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og NHO Reiseliv. Høgrepolitikaren Lødemel er glad for at politikarane no er så samstemmige i at retningsliner og regelverk for kraftlinebygging må endrast. Slik desse er formulert i dag, har Statnett knapt noko alternativ til luftspenn.

På møtet tok Aps energipolitiske talsmann, Tore Nordtun, til orde for eit kompromiss der deler av lina blir lagt i sjø eller nedgravd i jorda.

— No ser i at også Ap omsider er i bevegelse i denne saka. Det er eit viktig gjennombrot i kampen mot desse øydeleggjande linene gjennom våre mest urørte og sårbare naturområde, seier Lødemel.

I følgje DNT inneber dagens Statnett-planar 500 kilometer lange og 40 meter breie kraftgater gjennom hovudsakleg urørt natur. Kraftmastene er opptil 44 meter høge.

Statnetts argument for luftliner er hovudsakleg økonomiske. Jordkabel blir ifølgje selskapet åtte-ti gonger dyrare, medan sjøkabel tar femgongen.

— Det er klart at staten her må inn i finansieringa, men også kraftbransjen må etter kvart bidra med sin del. Dette er jo gigantiske pengemaskiner som er på veg heilt inn i den integrerte europeiske kraftmarknaden, seier Lødemel.

Dei nye, konsesjonssøkte gigantlinene i Hardanger, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har fleire traséalternativ, og kan i nord blant anna komme i konflikt med verdsarvområdet i Geiranger.