• Kristeleg Folkeparti må visa meir i praksis at det bryr seg om vanlege folk. Det er altfor oppteke av dei fine honnørorda, refsar indremisjonsgeneralen Karl Johan Hallaråker.

Generalsekretæren i Indremisjonsforbundet er svært uroleg for lagnaden til Kristeleg Folkeparti. Dei låge tala på meiningsmålingane er grunnen til at han no står fram i Bergens Tidende og formanar partileiinga til å ta seg kraftig saman.

Hallaråker er ikkje sjølv aktiv i KrF, men framføre valet i 1993 heldt han på å bli stortingskandidat i Hordaland. I dag sit han berre «på galleriet», som han seier.

Helland for anonym?

— Kristeleg Folkeparti må ikkje tru at det vinn kommune- og fylkestingsvalet med ei rekkje honnørord. Partiet må bli meir synleg og vise til konkrete løysingar for å hjelpe vanlege folk i kvardagen.

Halleråker har inntrykk av at KrF har ein dyktig ordførar i Bergen, og likeins ein flink fylkesvaraordførar, men dei må vise meir att.

— Det er ikkje noko å seie på partiprogrammet, men folk. i til dømes Bergen må oppleve at partiet er eit reiskap til gagn for dei, held Hallaråker fram.

Når til dømes arbeidsløysa stig til det nivået vi ser no, må KrF i praksis visa at det bryr seg meir om einskildmennesket som vert råka, seier han.

Skort på engasjement

Hallaråker nemner område etter område der KrF må gjere seg meir gjeldande: helsesektoren, eldreomsorga, oppvekst og skule er område som i den samanhengen er forsømt, slik han dømer det.

— Det er ikkje berre pengar og ressursar det står om i skulen, men og engasjement! Partiet må involvere seg meir i problema rundt skulesituasjonen. Det må jo gå gale når skulen på den eine sida får fleire og fleire oppgåver, og på den andre sida færre lærarar til å ta seg av dei.

Karl Johan Hallaråker ser det dessutan som eit faresignal for KrF når dei eldre sviktar partiet. KrF må etter hans syn bry seg meir om dei eldre sine behov.

Klør i fingrane

— Eg klør i fingrane etter å skuva KrF-politikarane ut på banen, for det skortar ikkje på potensial, seier han.

— Var det gale av partiet å ta regjeringsmakta i 2001?

— Nei, det var rett å ta ansvar, og partiet valde viktige departement. Men eg var skeptisk til måten ein elles prioriterte. KrF burde hatt det som eit overordna krav at ikkje Høgre skulle få fleirtalet i regjeringa. Først når det kravet var innfridd, kunne ein ha satsa på å få statsministeren, meiner Hallaråker.

VONBROTEN: Karl Johan Hallaråker er generalsekretær i Indremisjonsforbundet og vonbroten over at KrF er så passivt og anonymt. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH.