Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skrive-post

Det var klokka 13.18 at politiet fekk melding om den noko utrulege ulukka der ein mann skal ha køyrd utfor eit 20 meter høgt stup ved Turøyvegen i Fjell kommune.

— Mannen i tjueåra melde sjølv frå om at han hadde køyrd utfor stupet og hamna i sjøkanten, fortel Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Hamna i fjæra

Ifølgje politiet har den utanlandske mannen ikkje hatt på seg bilbelte, og airbagen blei heller ikkje løyst ut.

VED SJØEN: Bilen havnet med fronten plantet ned i steinrøysen, ikke langt fra sjøen.
ØRJAN DEISZ
HEISES: Den utenlandske føreren, en mann midt i 20-årene, ringte selv og fortalte om utforkjøringen.
ØRJAN DEISZ

— Det er jo nesten for godt til å vere sant. Han klaga berre over skader i ein fot, seier Kronen.

- Har hatt griseflaks

Utruleg nok har mannen sloppe unna med lettare skader.

— Han har hatt griseflaks. Meir flaks enn dette er det ikkje mogleg å ha. Me er på staden og snakkar med mannen for å få litt fleire opplysningar, seier Kronen.

Mannen er køyrd til lokal legevakt. På Twitter skriv politiet at det ikkje er mistanke om at mannen har køyrd bilen i ruspåverka tilstand.

Førarkortet beslaglagt

Påtroppande operasjonsleiar Frode Kolltveit seier i 16-tida at føraren, som er midt i 20-årå, har fått førarkortet førebels inndrege.

— Det er avgjort av jourhavande jurist, seier Kolltveit.

- Kva er årsaka til dette?

— Det er nok på grunn av køyringa og omstenda rundt ulukka, seier Kolltveit.

Det er ikkje mistanke om rus.

Saka vil no bli etterforska og føraren skal kallast inn til avhøyr.

— Bilen er totalkrasja, seier Kolltveit.

Den skal hentes av NAF og tas med for vidare gransking. Det vil bli sjekka og gjennomgått kva som kan ha svikta her, ifølgje operasjonsleiaren.

BT fekk kontakt med føraren fredag kveld.

— Eg har snakka med politiet om kva som skjedde og vil ikkje seie noko meir. De får høyre med politiet, seier han.

- Kan eg få spørje korleis det går med deg?

— Nei, eg kan ikkje snakke meir. God helg, seier mannen.

Over helga blir det lensmannen på Sotra som får saka på sitt bord.

Har ikkje detaljar

Operasjonsleiaren har til no ikkje fått vite noko utfyllande frå patruljen på stedet om kva føraren har forklart - og kva som skjedde før utforkøyringa.

Jourhavende jurist i politidistriktet fredag ettermiddag seier til BT at han ikkje kan seie noko om førerkortbeslaget. Det var ikkje han som avgjorde det.

Politijuristen viser attende til operasjonsleiar.