— Eg har stor tru på at vi no kan løfta prosjektet fram. Kostnaden på 500 millionar kroner vil snart betala seg, seier ordførar Øivind Olsnes i Vaksdal.

Han meiner det er på tide at Vossebanen får merksemd i fylket. Banen får stadig meir å seia for persontransport og gods. Det er ikkje haldbart at toget må redusera farten til 30 kilometer i timen i over hundre år gamle svingar mellom Takvam og Trengereid, meiner han.

Også vossaordførar Bjørn Christensen er glad og takksam.

— Ledige bustadtomter i Voss og Vaksdal kjem godt innanfor pendlaravstand frå Bergen når toget får opp farten. Det kan hemma aukande sentralisering, seier Christensen.

Han er leiar i Forum Nye Bergensbanen og vonar det også kan bli fart i arbeidet for Ringeriksbanen.

Lars Tveit i Bergen kommune ser fram til Arna-toget kan gå kvart 15. minutt. Pendling på Vossebanen styrkar arbeidsplassane i Bergen.