Vestavind-sjef Håkon Sandvik meiner derimot at det er uproblematisk.

— Tilboda om erstatning som blir gitt til kommunar for å få byggje ut vindkraft, er det Eva Joly i si tid kalla korrupsjon på norsk. Det er å kjøpe seg ein konsesjon, meiner Malkenes, tidlegare leiar i Norges Naturvernforbund.

Håkon Sandvik meiner dette blei avklara då selskapet Havsul fekk løve til å byggje eit offshore vindkraftverk i kommunane Sandøy og Aukra i Møre og Romsdal.

— Også den gongen kom påstanden om at dette var ulovleg, mellom andre frå Malkenes. Departementet slo fast at det var lovleg.

Ifølgje Sandvik er tilbodet om kompensasjon til Solund rekna ut frå kva inntekter kommunen vil få, dersom det blir innført eigedomsskatt.

— Sjølv om ein kommune ikkje innfører eigedomsskatt, meiner vi det er rett og rimeleg at dei får ein økonomisk kompensasjon.

Malkenes er no seniorrådgjevar i Emisoft, eit firma i Bergen som leverer tenester innanfor klima- og miljøleiing. Han meiner alle sider ved om ein utbyggjar kan kompensere anna enn faktiske kommunale utgifter, slett ikkje er avklara.

— For ein fattig kommune er det sjølvsagt svært freistande å takke ja. Skulle Solund fått eit vederlag som hadde vege opp ulempene dei vil få, måtte summen vore langt høgare. Det som skjer er det same som då norske fossar blei kjøpte for knappar og glansbilete tidleg på 1900-talet.