— Når vi får slike døme som dette frå Jølster, betyr det at redaksjonane bør passe langt betre på, fastslå generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund.

Redaktør Rune Røsten i dagbladet.no seier til Bergens Tidende at det i praksis ikkje er råd å førehandsgodkjenne alle innlegg.

— Vi arbeider kontinuerleg med å forbetre systema og kontrollen. Men dette er ei side med titusenvis av ytringar kvar einaste dag. Skulle vi førehandskontrollert alle, kunne vi ikkje drive ei slik nettside, seier Røsten.

På sine eigne nettsider reklamerer avisa med at Blink er det største nettsamfunnet i landet. Dei har no kring 200.000 aktive medlemer som «møtes for å utveksle meninger, dele interesser og snakke sammen».

Røsten meiner det har ein verdi i seg sjølv at folk kan ytre seg anonymt på slike sider. Det gjer at fleire kjem i kontakt med kvarandre. Han viser også til at opplegget for gjestebøkene som elevane på Vassenden har brukt, er slik at medlemer som får innlegg mot seg, sjølv kan slette dei.

— Det ville ta vekk eigenarten til dette mediet om vi kravde at innlegg skulle underskrivast med fullt namn. Derimot diskuterer vi om vi i redaksjonen no skal vite kven medlemene er, opplyser Røsten.

Til Bergens Tidende seier Per Edgar Kokkvold at det i Ver varsom-plakaten, dei etiske retningslinjene for pressa, er slått fast at det ikkje er nødvendig med førehandsgodkjenning.

— Men om vi no ser at det offentlege ordskiftet blir forsøpla, er dette noko vi må ta ein ny debatt på. Anonym sjikane har ikkje noko i det offentlege rom å gjere.

— Desse nettstadene er økonomisk avhengige av talet på treff. Skulle dei forlange at alle medlemer opererer under fullt namn, ville vel trafikken gått ned?

— Det er vel naivt å tru at det ikkje er ein samanheng her, svarar Kokkvold.

— Politiet meiner det som er gjort kan ha ei strafferamma på to års fengsel. Men også utgjevar, i dette tilfelle Dagbladet, er vel juridisk ansvarleg for innhaldet?

— Heilt klart. I Sverige finst det attpåtil ein dom på dette. Aftonbladet blei dømde på grunn av ein artikkel med rasistisk innhald.