Advokat Erik Mjell representerer Dag Arne Guttormsen i saka mot staten. Han meiner fyllehistoria frå Kabul er relevant, fordi staten hevdar det er lite sannsynleg at 58-åringen ville fått tilbud om å reise ut på eit nytt utlandsopphald som politimann.

— Dei argumenterer dels med at det er statistisk usannsynleg, og dels med at han var for gammal. Men dei viser også til at kontingentsjefane hans uansett neppe ville tilrådd at han skulle få eit nytt slikt oppdrag. Då er det interessant å få fram om det har vore ein konflikt mellom Guttormsen og sjefane hans, seier Mjell. Guttormsen sjølv omtalte forholdet til Hartz som «noko anstrengt».

— Og dersom det stemmer at politifolk er vorte sendt heim på grunn av fyll, er det jo både pinleg og ei nasjonal sak. Det vil vere ille om noko slikt er dytta under teppet, seier Mjell.

- Ikkje bra for samarbeidet

Advokat Adele Matheson Mestad frå Regjeringsadvokaten ville ikkje kommentere fyllehistoria.

I retten forsvarte ho både at Guttormsen vart sett under etterforsking, og at han mista tryggingsklareringa. Ho viste til at påstandane i BT-artikkelen om dårleg samarbeid mellom politi og forsvar var alvorlege.

— I dette ligg ein ganske krass kritikk av Forsvaret, som ikkje nødvendigvis er uttrykk for norsk politis syn. Og det er sjølvsagt ikkje bra for eit samarbeid som båe partar tryggingsmessig er avhengige av, sa Mestad.

Guttormsen sa at politikarrieren hans stansa heilt opp etter at han vart sett under etterforsking for brot på teieplikta i 2009. Det skjedde etter eit intervju med BT.

Tema for BTs oppslag var ein militær operasjon i Nord-Afghanistan hausten 2008, der Guttormsen nekta å la dei norske politifolka i Faryab delta i ein offensiv militær operasjon.

Han meinte aksjonen var utanfor mandatet til politistyrken, og fekk støtte oppover i systemet både i POD og UD.

Meinter å ha tapt inntekter

Saka mot Guttormsen vart til slutt lagt vekk. Eit vedtak om at han ikkje kunne få att tryggingsklareringa vart også oppheva. Men då var det gått fire år, og Guttormsen hadde berre nokre få månader att før han skulle gå av med pensjon.

Guttormsen meiner han er påført eit inntektstap på grunn av prosessen, og krev inntil 650.000 kroner frå staten.

Artikkelen i BT fortalde om eit generelt dårleg samarbeidsklima mellom norsk politi og norske militære i Afghanistan.

Guttormsen nektar for å brote teieplikta. Han kjende seg heller ikkje att i det eine sitatet han var referert på i BT-artikkelen om militæroperasjonen, sa han i går. Men han stadfesta at det hadde vore konflikter, særleg med den eine norske militære sjefen i Faryab i 2008.

Også tidlegare teamleiar Idar Grotle og seniorrådgjevar Stephan Torp fortalde at det tidvis var samarbeidsproblem mellom norske politi og militære i Faryab.