EYSTEIN RØSSUM

— Vi frikjenner losen. Han kan ikkje klandrast for måten han gjennomførte oppdraget på, sa kystdirektør Øyvind Stene då han la fram Kystverkets granskingsrapport om «Rocknes»-ulykka i går.

Årsaka er at losen aldri fekk beskjed om at det i 1995 var funne eit grunnflak på vel ni meters djup, 55 meter ut for Revskolten lykt i Vatlestraumen. Det var her «Rocknes» gjekk på.

Grunna vart markert på det nye kartet som vart gitt ut av Sjøkartverket i 2003, og var også innteikna på det autoriserte elektroniske kartet.

Men losen hadde ikkje fått nokon av desse reiskapa frå arbeidsgjevaren, Kystverket. Grunna var heller ikkje varsla i publikasjonen Etterretning for sjøfarende, som går ut til alle losar.

— I etterpåklokskapen lys: Det hadde vore svært hyggeleg om vi hadde hatt kjennskap til at det var så grunt som det var. For då hadde vi ikkje fått denne ulykka, sa kystdirektør Øyvind Stene då han la fram granskingsrapporten i går.

Merka rett etter ulykka

For heller ikkje sentralt i Kystverket hadde dei fått med seg at det var grunnare enn tidlegare kjent i Vatlestraumen.

— Kunnskapen var ikkje tilgjengeleg for los eller kaptein. Ut frå den gamle informasjonen kunne dei gå betydeleg nærare Revskolten lykt, sa distriktssjef og tidlegare losinspektør John Evensen.

— Vi hadde ikkje fanga opp den nye informasjonen. Vi har hatt god kommunikasjon med Sjøkartverket lenge. Men akkurat her hadde det ikkje vore samkjøring, sa direktør Stene.

Rett etter ulykka sette Kystverket ut ein stake i Vatlestraumen for å markere grunnflaket, og litt seinare ein lysbøye. Også sektorgrensa mellom raud og kvit vart justert.

Kystverket vil ikkje ta stilling til om dei som etat kan lastast for ulykka. Dette fordi politiet ennå ikkje har avslutta etterforskinga si, og fordi reiaren har varsla søksmål mot staten.

Også losen, som så vidt berga livet i ulykka, er under politietterforsking, men direktør Stene meiner likevel det er rett av Kystverket å fortelje korleis dei vurderer hans innsats ulykkesdagen.

- Har ikkje gjort jobben sin

— Rapporten seier at losen ikkje har skuld. Det betyr at indirekte frikjenner ein òg kapteinen, fordi han hadde den same informasjonen som losen hadde, seier reiar Atle Jebsen til BT.

— Eg oppfattar rapporten slik at Sjøkartverket ikkje har gjort jobben sin. Dei har ikkje varsla skikkeleg om grunna, seier Jebsen.

Eigaren går til retten

Rapporten gir nytt skyts til forsikringsselskapa og eigaren, som hevdar at det var staten aleine som var skuld i ulykka, fordi grunna ikkje var merka eller gjort kjent på anna vis.

Dei vil ikkje betale for oppryddinga etter katastrofen, og skal etter planen møte Regjeringsadvokaten i Oslo tingrett i september neste år.

Dei vurderer også å krevje staten for erstatningane som vart betalt til etterlatne og overlevande, og for kostnadene med å snu og byggje opp att «Rocknes». Denne rekninga kjem på ca. 500 millionar kroner.

Får nye kart og pc

Kystverket har i etterkant sett i verk fleire tiltak - blant anna for å halde losane betre oppdatert.

n Dei får utlevert kopi av alle nye papirkart som blir gitt ut.

n Dei skal få pc-ar med oppdaterte elektroniske sjøkart, der alle endringar er tatt med. Det skal også gis opplæring i bruken av desse.

Kystverket meiner også at koordineringa med Sjøkartverket må betrast, og meiner det beste vil vere å slå saman dei to verksemdene i ein etat.

Det skal vidare utarbeidast ein analyse av farleiene langs Norskekysten, der trafikken, kvaliteten på karta og oppmerkinga blir vurdert samla.

Kystverket har også ansvaret for oljevernberedskapen. Oppryddinga etter «Rocknes» er den største som har vore her til lands nokon sinne. Rekninga kom på 108,5 millionar kroner. Kystverket er godt nøgd med gjennomføringa, og meiner apparatet fungerte som det skulle.