• Det er viktig at borna ikkje blir lidande, når personalet i barnehagen eller på skulen er i konflikt, meiner Ingun Ottosen, distriktssekretær i Norsk Lærarlag i Hordaland.

Konfliktar er ein del av kvardagen på dei fleste arbeidsplassar, også barnehagar. Men norske foreldre er stort sett svært tilfredse med barnehagane, viser fleire brukarundersøkelsar om offentlege og kommunale tenester.

Men når problema oppstår, er det arbeidsgjevaren — i dette tilfellet Aurland kommune – sitt ansvar å gå tungt inn, og sikra at ungar og tilsette har det bra. - Utfordringa er å takla konfliktar på ein måte som gjer at dei ikkje utviklar seg til djupe kriser. Men det er nok ein del arbeidsgjevarar som kvir seg for å ta tak i problema, og som håpar at dei går over av seg sjølv.

Ottosen understrekar at foreldre også har ansvar for å seia ifrå, hvis dei opplever noko som vanskeleg eller bekymringsfullt i barnehagen.