— På same måte som Opplysningsvesenets fond har det heile og fulle ansvaret for sine bustader, har Bergen kommune ansvar for å halda sine prestebustader i god stand. Midlane frå Staten skal dekka mellomlegget mellom det prestane betaler i husleige og det bustaden elles ville kosta å leiga, seier Skjælaaen (Sp).

— Kommunane må sørgja for at standarden er leveleg, men Staten må òg stilla opp, så dette må me sjå på, seier Ola T. Låkne (KrF), nestleiar i kyrkje,-undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Låkne seier at så langt har kyrkja prioritert andre ting, og at bustadsituasjonen for prestane ikkje har vore på dagsorden. Ordninga med buplikt skal opp på Presteforeininga si generalforsamling til hausten.

— Saka er hot potatoes, seier bustadombod Åse Kristin Nøkling Aagaard i Bjørgvin bispedøme.

— Buplikt er viktig i delar av landet, men ordninga har vorte rigid handsama i byane. Det må vera mogleg at presten bur i Sandviken og jobbar på Landås eller omvendt. Eg trur ei betre ordning enn buplikta er at ein har tilbod om bustader der presten kan bu, men at han ikkje er nøydd, seier Skjælaaen.