LENA VERMEDAL — Stod det adresse på fisken? spør Alsaker.

Den einaste nasjonale lakseelva mellom Jæren og Sogn, kastar seg i ville stryk utfor Håfossen. Vidar Børretzen, leiar i Elveeigarlaget i Etne, speidar etter hoppande fisk i laksetrappa.

I dag kokar ikkje elva av oppdrettsfisk, men i heile oktober har nær 70 mann fiska på rømt laks. Elveeigarane mistenker at noko av fisken har rømd frå Alsaker sitt anlegg på Skånevikstranden.

— Mot slutten av det ordinære laksefisket kom det oppgang av laks på kring to kilo. To veker etterpå såg me større fisk på seks-sju kilo. Det må ha vore fleire uhell, meiner elveeigaren.

Børretzen trur den minste fisken stammer frå Sunnhordland fjordbruk på Skånevikstranden som er eigd av Alsaker. Kor den store kjem frå, veit han ikkje.

— Fisken er ikkje vår, og me vil ikkje ha han. Me blir påført noko særs uønskt frå andre som me ikkje rår med, seier Børretzen.

- Utruleg og provoserande

I hundre år har Etneelva vore ein av dei mest populære lakseelvene på Vestlandet. Ifølgje Børretzen tener Elveeigarlaget ein million kroner på sal av fiskekort. Turismen gjev fem millionar kronar i økonomiske ringverknader i bygda.

— No fryktar me plagar med lakselus og kan risikera degenerering og utdøying av villaksen. Dette får konsekvensar i ei lita bygd.

Elveeigarlaget i samråd med Norske lakseelver og Norges Jeger- og Fiskerforbund-Rogaland vurderer difor å politimelde utsleppet med krav om erstatning. Årsaka er at Alsaker ovanfor Bergens Tidende tysdag avviste at fisken stammar frå anlegget hans.

— Dersom fisken var luseskadd, kjem han ikkje frå meg. Dessutan var fisken ikkje gytemoden. Då går han ikkje i elvane, sa Alsaker.

— Påstanden om at fisken ikkje stammar frå Alsaker, vil me motbevisa. Me har hundrevis av skjelprøvar. Uttalen er rett og slett utruleg og provoserande, seier Børretzen.

Daud fisk sendt til Bjugn

Det var 28. august at ei fortøyingsline rauk og ein merd med vel 100.000 snart slakteferdige laks klappa saman ved Skånevikstranden. Noko av fisken blei kvelt.

— Det døydde ei mengd fisk, og det er kring 9000 me ikkje kan gjera greie for. Me tapte eit sjusifra beløp, seier Alsaker til BT.

Den daude fisken blei sendt med båt til Bjugn, men i følgje Fiskeridirektoratet Region Vest nektar mottaket å opplyse kor stort kvantum dei tok i mot. Det vil heller ikkje Alsaker fortelja Bergens Tidende.

— Eg har ikkje problem med å dokumentera tala, men vil ikkje gjera det i Bergens Tidende.

Fekk ikkje ta DNA-prøve

Bergens Tidende veit at Havforskingsinstituttet ønskte å gentesta fisken på Sunnhordland fjordbruk, men forskaren blei nekta tilgang. Gerhard Alsaker har ikkje tillit til slik gentesting.

— Når det gjeld DNA-prøvene er det fagleg sett berre tull. På prinsipielt grunnlag vil eg ikkje det. Kan dei visa til ein lovheimel, skal dei få gjera undersøkinga, seier Gerhard Alsaker til BT.

Neste veke kjem Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet på ny vitjing for å ta desse prøvene, opplyser Axel Anfinsen, overingeniør i Fiskeridirektoratet.

Fleire på rømmen

Fiskeridirektoratet vil ikkje leggja all skuld på Alsaker for at Sunnhordlandsbassenget har kokt av rømd laks i haust.

Dei trur det har skjedd ytterlegare ei rømming av laks på halvanna kilo og ei røming av laks på fem til sju kilo. Berre Alsaker har følgt retningslinene og rapportert inn.

— Me snakkar truleg om tre rømmingar. Noko av fisken på halvanna kilo hadde betydeleg meir lus. Det kan tilseie at han kom frå ein annan lokalitet, seier Axel Anfinsen, overingeniør i Fiskeridirektoratet.

Også Fylkesmannen meiner meir laks har vore på ferde.

— Ut frå observasjonar vil eg påstå at minst 30.000 må ha rømt. Dette har vore den største rømminga på denne sida av tusenåret, seier fiskeforvaltar Atle Kambestad hos Fylkesmannen.