• Denne kniven går ikkje djupt nok. Mannen som er tiltala var i jernvarebutikk ein time før drapet på Mølstertunet på Voss i 1999.

Vitnet som samtalte med tiltalte i jernvarebutikken fortalde i Gulating lagmannsrett i går at han oppfatta tiltalte som alkoholpåverka, og ikkje lik seg. Likevel la han ikkje vekt på det han sa om kniven, at han ikkje gjekk djupt nok, før han same kvelden fekk høyra om drapet.

Utan drapsvåpen

— Eg trudde ha var ute etter ein kniv til fiske, sa vitnet, som seinare har spurt butikksjefen om tiltalte kjøpte kniv den dagen, men fått negativt svar.

Politiet står utan drapsvåpen i saka. Einaste andre vitnet som har sett ein kniv, er den 13-årige jenta (no tiandeklassing i ungdomsskulen) som opplevde dramatikken på under 20 meters hald.

I dag skal retten sjå videoopptak av hennar dommaravhøyr. I eit elles greitt avhøyr skildrar ho ein kniv med tveegga blad, medan professor Inge Morild vil fortelja at såra på avlidne tyder på at drapskniven var einegga.

Mykje av gårsdagen gjekk med til ein gjennomgang av blodspor og andre tekniske prov som Kripos fann på åstaden, i bilen og i bustadane til offeret og gjerningsmannen. To vitne fortalde om sine skræmande opplevingar på Mølster.

Skulle ta kona

Alt tyder på at tiltalte skulle ha tak i kona si den skjebnesvangre dagen. Ho hadde søkt tilflukt heime hjå bror sin og hans sambuar Kari Aalvik. Broren hadde drosjetur til Bergen då tiltalte dukka opp på altanen.

Ho smatt ut ein annan veg før Aalvik opna altandøra. Blodflekkar fortel om eit basketak mellom tiltalte og Aalvik. Deretter køyrer dei i bil via Ringheim til Mølster. Dermed kan dei ikkje unngå å møta tiltalte si kone dersom ho går kortaste veg heim til Fitjo ved Skulestadmo.

Men kona har gått i motsett retning og gøymt seg. Ho dukkar ikkje opp ved Mølstertunet. Vitna fortel om høglytt krangel og knivstikking inne i bilen.

Vaska vekk blod

Kripos sine spor fortel også at tiltalte har køyrt heim, bytt klede, vaska kleda med blodflekkar, og gøymt pengar under dokkehuset.

Dei sakkunnige interesserer seg mest for tiltalte si sinnsstemning i ulike fasar, og kva han hugsar. Det blir temmeleg klart at han har svært høg tolegrense for alkohol og valium etter mange års bruk. Medan andre blir slått ut av ein valiumtablett, plar han ta ni før han merkar noko.

Under heradsrettsaka synest to av dei sakkunnige at han hugsa mistenkeleg selektivt. Alt kompromitterande var gløymt. I forklaringa for lagmannsretten, som vart avslutta i går, var han om mogeleg enda meir skråsikker på det som han hugsar.