• Haugesund Avis har heilt klart sett fram urette påstandar av alvorleg karakter om Aksel Kloster. Han har krav på oppreising for dette, seier advokat Trond Hatland.

EVA RØYRANE

Han førebur no eit grunngjeve krav mot avisa. Vil ikkje Haugesunds Avis godta dette, blir det nødvendig med ei rettsleg prøving, seier Hatland.

Aksel Kloster har meldt avisa til politiet og kravd ei krone i erstatning fordi Haugesund Avis skreiv at han har teke ut 7,5 millionar kroner frå bankkontoen til Endre Rundhovde. Kloster nektar for at dette har skjedd.

— Kloster er ikkje ute etter erstatning i form av pengar, men oppreising. Han vil ha ei orsaking frå avisa, seier advokat Hatland.

— Har Haugesunds Avis planar om å beklaga det som har stått på trykk om Aksel Kloster?

— Eg har tidlegare sagt at vi tek til etterretning at Kloster har meldt oss til politiet. Meir har eg ikkje å seia om den saka, seier sjefredaktør i Haugesunds Avis, Tonny Nundal.