— Dette var eit uhell som han ikkje kan lastast for, og vi er ikkje bitre på han som kjørte, seier foreldra til avisa.

Dei strekar under at mannen er og blir ein god ven av dei, og presiserer at etterforskinga som politiet gjer er eit reint rutinearbeid.

Den omkomne småguten var yngst i ein syskenflokk på fire barn. Foreldra seier dei er takksame for all hjelp og støtte etter det som skjedde.

— Det er mange som bryr seg, og det er ei god trøyst, seier mora.

Mannen som rygga på den 18 månader gamle guten er formelt sikta for aktlaus køyring, og har fått førarkortet inndrege. Det er ikkje mistanke om promillekjøring. Ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen var søndag også på ulykkesstaden for å delta i granskinga av ulykka.