• Framstillinga deira er heilt feil. Eg kjenner meg ikkje igjen i dette, seier Olav Amund Nornes, som har sysselsett gruppa med rumenske bærplukkarar.

Han meiner det er einskildpersonar blant rumenarane som no prøver å tyne meir ut av arbeidsforholdet enn det som var avtalt.

Nornes opplyser også at han vil forhalde seg til rapporten frå Arbeidstilsynet når denne er klar i neste veke.

Han meiner likevel at rumenarane på langt nær har grunnlag for alle klagemåla dei set fram.

— Dei lønstrekka som står i kontrakten er ikkje reelle. Hadde eg trekt alt som står der skulle løna blitt 400 kroner i månaden. Men eg garanterer dei likevel ein skattefri netto på 3.000 kroner i månaden for å arbeide 157,5 timar.

Han meiner at grunnløna ikkje er under tillatt minsteløn.

— Du må hugse på at dei har alt; mat, hus, klede, reise og skatt, dekka av meg, seier Nornes. - Eg kan også dokumentere at han som klagar mest, fekk utbetalt 14.110 kroner og 16 øre netto i juni. Då jobba han 80 timar overtid.

Nornes innser no at han burde ha organisert arbeidstilhøvet på ein annan måte.

— Alle andre utanlandske plukkarar i distriktet går på akkord, og tar seg av utgiftene sine sjølv. Hadde eg betalt rumenarane for kiloen, ville eg ha kome langt bedre ut av dette, hevdar han.

No føler bærbonden situasjon vanskeleg og belastande.

— Eg ønskjer ikkje å drive offentleg skittentøyvask. Men folk skal vite at dette har vore så ille at eg og kona ei natt måtte forlate huset og overnatte på hotell i Sogndal.

Når det gjeld oppseiinga av ekteparet Sandor, seier Nornes at han har gode grunnar for handlemåten sin, utan at han vil gå konkret inn på dette. Heller ikkje klagemåla på maten vil han kommentere nærare.

Nornes oppmodar oss til å sjå nærare på buforholda, særleg i tredje etasjen på huset der det bur to par på separate rom. Dei har oppvaskmaskin, medan internett og parabol er tilgjengeleg for alle.

— Ingen andre bærdyrkarar har hatt slikt opplegg rundt plukkarane sine, seier Olav Amund Nordnes, som dyrkar 27 mål bringebær og 33 mål jordbær på Nornes og Fimreite, på kvar si side av Sogndalsfjorden ved.