• Det var som om nokon tok tak i bussen og løfta den av vegen. Heilt ubeskriveleg, seier bussjåfør Jan Ståle Flatjord.

Det var litt før klokka 03 i natt at ekspressbussen mellom Oslo og Førde vart tatt av vinden, like før den skulle krysse grensa på rv 52 mellom Buskerud og Sogn og Fjordane. Tre av 29 passasjerar om bord kom lettare til skade.

Se video nederst i saken.

— Det kjendest som om bussen berre letta opp i lufta og til sides. Eg har aldri opplevd liknande, seier sjåfør Jan Ståle Flatjord.

Mest av alt frykta han at det store kjøretøyet skulle velte over.

— Eg tenkte at den kunne tippe, men heldigvis stoppa den mot nokre steinar utanfor vegen, fortel han.

- Staden er utsett

Flatjord seier til bt.no at han er godt kjend med at det kan vere sterk vind akkurat på staden der ulukka skjedde. Like før vindkastet kom, såg han refleksen frå skiltet som markerer fylkesgrensa litt lenger framme.

— Eg veit at staden er utsett, og derfor hadde eg slakka ned farten, fortel sjåføren, som kom til Førde torsdag føremiddag saman med passasjerane i ein ekstrabuss. Tre av dei hadde da blitt sendt til sjukehus i Lærdal, der dei fekk behandling for lettare kuttskader.

Havarikommisjonen er kopla inn i saka, skriv Hallingdølen.

- Redda av beltet

To av dei som kom uskadde frå skrekkopplevinga, var ekteparet Jon og Magnhild Sunde frå Davik i Nordfjord.

— Beltet redda meg frå å bli skadd, seier Jon Sunde.

Saman med kona var han på veg heim frå Danmarkstur.

— Det vart litt av ein avslutning på turen, seier Magnhild Sunde, som rosar dei tilsette i busselskapet.

— Sjåføren opptredde eksemplarisk, og fortener stor ros, seier ho.

Sjølv meiner bussjåføren at det heile gjekk greitt, når ulukka først skulle vere ute.

— Eg greidde meg der og da, men fekk ein reaksjon etterpå, fortel Jan Ståle Flatjord.

Og kva gjer du no?

— No skal eg kvile litt, og så skal eg kjøre over fjellet igjen med ekspressbussen til Oslo.

RUNAR BJØBERG
PER MARIFJÆREN
PER MARIFJÆREN