På sagbruket der den drapssikta 42-åringen jobbar er han ein nøkkelperson, ifølgje dagleg leiar Arne Storm. Som sjef og kollega hadde han stort sett berre gode ting å seie om drapstiltalte.

Og Storm var ikkje aleine om å servere godord om 42-åringen i retten i går, då forsvaret førte den siste pulja av sine vitne. Felles for dei alle var problema med å tru på at sunnfjordingen verkeleg kan vere drapsmannen.

— Alle vi som kjenner han er samde. Vi kan ikkje forstå at han sit her som tiltalt. Han var aldri typen som tafsa på oss damer, og det var aldri noko ubehageleg med han. Han trakk seg heller unna når det vart bråk, sa ei 35 år gammal kvinne frå tiltalte si heimbygd då ho vitna.

Dermed var ho heilt på linje med Arne Storm, som rosa drapstiltalte stort for jobben han har utført ved sagbruket. Men 42-åringen hadde også sine sider:

— Han er alltid blakk, og lett å spørje om overtid og slikt. Og han er aktiv i festlivet, og festar grundig, sa Storm, som skildra tiltalte i to feststadier:

— Tidleg på kvelden er han på dansegolvet, blid og alltid spandabel, sjølv om det går på siste hundrelappen. I neste stadium blir han vanskelegare å tyde, han blir lealaus som Titten Tei og står ofte framfor musikken og spelar luftgitar.

Storm påpeikte at 42-åringen oppførte seg heilt normalt i tida etter drapet, og nekta å tru at han er ein så kald og god skodespelar.

Ein annan av tiltalte sine vener i heimbygda, Kristoffer Åmot, hadde også berre gode skussmål å gje, og fekk rettens samtykke til ein sluttmerknad. Vendt mot tiltalte sa Åmot før han forlét salen:

— Uansett kva som skjer i saka vil du alltid vere velkommen til oss.