Ifølgje tiltalen som i går blei tatt ut mot 35 år gamle Hassan Samriye Hashin, har den 19 år gamle folkehøgskuleeleven både blitt utsett for grov vald og seksuelt misbruk før ho blei kvelt. Påtalemakta meiner Hashin slo og/eller sparka ho i hovudet, drog delvis av ho kleda og heldt ho fast. Både dette og den påfølgjande valdtekta skal ha skjedd under sterk motstand.

Hashin er som venta tiltalt for forsettleg drap på Karterudseter. Han har også vedgått drapet, det skjedde då han blei framstilt for forlenga varetektsfengsling 5. april. I lag med valdtektstiltalen er strafferamma til saman 20 år. Tiltalen er teken ut etter ordre frå Riksadvokaten.

Tause bevis

Statsadvokat Bjørn Kr. Soknes, som skal føre saka for påtalemakta i Sogn tingrett, ønskjer ikkje å gå i detaljar om kva bevis det er aktoratet meiner å ha for valdtektstiltalen.

— Dette dreiar seg om det som ofte blir kalla tause bevis. Det knyter seg til rettsmedisinske undersøkingar og tekniske granskingar på åstaden, seier Soknes.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, har politiet mellom anna sikra seg DNA-spor frå gjerningsmannen. Sakkunnige på DNA skal også vitne under rettssaka.

— Men DNA kjem til å bli langt mindre viktig i denne saka, enn det eksempelvis var i Førde-drapet, seier Soknes.

— I tiltalen blir det skildra ein kamp mellom dei to på internatrommet. Er det ikkje då påfallande at ingen elevar på naboromma har høyrt noko?

— Det kan eg ikkje seie noko om. Men det er korrekt at ingen har meldt seg som har høyrt noko.

Overraska

Til Bergens Tidende seier Hashins forsvarar, Herman Hoff, at valdtektstiltalen kjem overraskande.

— Tiltalen om forsettleg drap er som venta, men at aktoratet også meiner det har skjedd ein fyllbyrda valdtekt overraskar meg, seier advokaten.

Ein av dei som derimot ikkje er overraska, er advokat Jahn Knapstad. Han representerer dei etterlatne til Karterudseter.

— Ut frå dokumenta som ligg i saka kjem ikkje dette overraskande på meg. Når rettssaka tek til neste veke, vil det nok bli lagt fram ein del dokumentasjon som ikkje har vore offentleg kjent tidlegare, seier Knapstad.

Sjølv om Hashin tidlegare har vedgått drapet, understrekar forsvarar Hoff at dette ikkje inneber at han erkjenner straffeskuld.

— Dette er ein alvorleg tiltale. Det blir no opp til retten å vurdere om det som kjem fram under hovudforhandlingane oppfyller straffevilkåra, kommenterer Hoff.

Hashin har siste vekene vore varetektsfengsla i Vik. Han har i fleire månader nekta å delta i politiavhøyr.

Åtte vitne

Rettssaka tek til i Sogndal førstkommande måndag. Tidlegare er det sett av 14 dagar til saka, men statsadvokaten meiner dei vil bli ferdige på ei veke. Fordi det er venta stort innrykk både av media og tilhøyrarar skal hovudforhandlingane gå i kommunestyresalen.

Aktoratet skal føre åtte vitne. Av desse er brorparten politivitne og sakkunnige. I tillegg skal det førast vitne som såg dei to gå heim saman frå utestaden Meieriet nokre timar før ho blei kvelt. Ingen elevar ved folkehøgskulen er stemna frå aktoratet si side. Det er ikkje kjent kor mange vitne forsvaret vil føre.

Hedda Karterudseter blei funnen kvelt på hybelen sin på Sogndal folkehøgskule om kvelden 28. oktober. Tre timar seinare rømde den drapstiltalte frå Sogndal til Oslo med buss. Derifrå drog han vidare til utlandet. Tidleg i januar blei han pågripen i Nederland, og nokre dagar seinare utlevert til norske styremakter.