Dette er ein offentleg veg, som det er fullt lovleg å køyra. Han vert mykje brukt at trafikantar som kunne unngått problemet ved å køyra den vegen dei er tiltenkt.

Sjølv om bilistane som vart stogga i morgonmørkret kunne kjenna seg lite velkomne, var demonstrasjonen mest retta mot Voss kommunestyre. Dei kan torsdag koma til å vedta ei løysing som er enda verre, og aukar biltrafikken gjennom tunet.

— Kjem det ei ny og betre bru over jernbanen og ned på E16, vil trafikken auka kolosalt. Då må lokalvegen førast utanom skuletunet vårt, eller blir det heilt uleveleg her, seier rektor Helge Stavenes ved Voss Folkehøgskule til bt.no.

Berre usemja om tunnel bak Vangen har gjort at ny tilknytning til E16 ikkje er planlagt for lengst. No hastar det for kommunen å få tunnelen inn i Vegplanen, og kommunestyret må skjera gjennom detaljane på sidevegane. I området rundt Finne, med Finnesloftet, og Seim, der Husflidskulen og Folkehøgskulen ligg, er situasjonen svært komplisert. Skulemiljø og økologisk landbruk står i fare, og ein ingeniør som kan missa huset sitt, har lansert ein plan om tunnel under bustadfelt og rundt skuletun.

Dagens kronglete tilknyting til E16, med smal bru over jernbanen, dempar trafikken gjennom skuletunet. I går morgon var det ekstra glatt, og dei aller fleste køyrde den alternative vegen til Vangen. Men litt trafikk vart det likevel å demonstrera mot.