Vegen er skuleplassen vår, hevdar elevane på flygebladet som bilistane fekk i neven.

På oppsida av vegen ligg internat, peisestove, tv-rom og vaskeri. På nedsida har dei kontor, klasserom, gymsal, studio og verkstader. Elevar og tilsette kryssar vegen ustanseleg. Rundt eit hushjørne svingar vegen 90 grader, så uoversiktleg at det er sett opp spegel.

Men dette er også ein offentleg veg, som det er fullt lovleg å køyra. Sjølv om bilistane som vart stogga i morgonmørkret kunne kjenna seg lite velkomne, var demonstrasjonen mest retta mot Voss kommunestyre. Dei kan torsdag koma til å vedta ei løysing som er enda verre, og aukar biltrafikken gjennom tunet.

— Kjem det ei ny og betre bru over jernbanen og ned på E16, vil trafikken auka kolossalt. Då må lokalvegen førast utanom skuletunet vårt, elles blir det heilt uleveleg her, seier rektor Helge Stavenes ved Voss Folkehøgskule til Bergens Tidende.

Kommunen må ha ei løysing for lokalvegen på plass for å få tunnel bak Vangen med på Vegplanen, og no bråhastar det.

I området rundt Finne, med Finnesloftet, og Seim, der Husflidskulen og Folkehøgskulen ligg, er situasjonen svært komplisert. Skulemiljø og økologisk landbruk står i fare, og ein ingeniør som kan missa huset sitt, har lansert ein plan om tunnel under bustadfelt og rundt skuletun. Nullalternativet, å la auka trafikk gå på noverande vegar, er framleis med i diskusjonen, trass skepsis hjå Vegstellet. Skal det byggjast tunnel bak Vangen, må han også ta unna litt lokaltrafikk. Ein kan ikkje la bilane frå folkerike bustadområde tyta ut under to jernbaneundergangar på Vangen.

Dagens kronglete tilknyting til E16, med smal bru over jernbanen, dempar trafikken gjennom skuletunet på Seim.

Onsdag er det tillyst aksjon mot alternative vegløysingar, dei som i ulik grad hindrar økologisk jordbruk på Finne.