– Eg trur det kan verta vanskeleg å få pengar til eit slikt prosjekt, men det ville vore bra med eit moderne togsamband til Flesland der det kanskje vert ny hamn i tillegg til flyplassen, seier byrådsleiaren.

– Kjem det i konkurranse med Bybanen?

– Når toget skal gå via Fyllingsdalen, blir det ein heilt annan trasé, og meir som ei lenging av Bergensbanen. Men det er viktigare med redusert reisetida til Oslo. Kanskje bør vi konsentrera oss om det.

Samferdslepolitikar Øyvind Halleraker (H) frå Hordaland helsar NSB-planane velkomen.

– Staten ved Jernbaneverket er hjarteleg velkomen til å investera i kollektive løysingar i vårt område, seier Halleraker som er medlem av Transportkomiteen på Stortinget.

Han er ikkje imponert over jernbaneinvesteringane på Vestlandet, og samanliknar gjerne med flytoget til Gardermoen. Der enda Staten opp med å dekka heile lånegjelda på 8–9 milliardar kroner, slik at Flytoget i dag er bedriftsøkonomisk lønsamt i Oslo.

Bybanen må bergensarane i stor grad betala sjølv. Eit flytog i Bergen kostar eit par milliardar, mindre enn ein firedel av Gardermobanen.

Halleraker er samd med NSB i at eit flytog ikkje har same funksjon som Bybanen, og at dei kan utfylla kvarandre. Men han meiner det ikkje er opplagt at NSB skal drifta flytoget i Bergen.

– Den oppgåva må konkurranseutsetjast, presiserer Halleraker.