• «Alexander Kielland»-ulukka markerte ein overgang frå cowboyinnstilling til systematisk sikkerheitstenking i Nordsjøen, meiner Statoil-veteran Jakob Bleie.

— Det er ei hending som enno sit i kroppen. Eg hugsar kor eg var då meldinga kom då me førebudde oss til påske, eg hugsar vêret. Det gjorde eit veldig personleg inntrykk, og blei ein vekkjar for meg, seier Jakob Bleie til Bergens Tidende.

Jakob Bleie var leitesjef i Statoil då «Kielland» tippa rundt og 123 menneske omkom. I 28 år sat han i toppstillingar i statsoljeselskapet inntil han gjekk av med pensjon for fem år sidan. I dag har Bleie verv som styreleiar i HSD og styremedlem i offshorereiarlaget Eidesvik.

- Cowboyverksemd

— Det var jo Phillips si ulukke, men ho gjorde inntrykk på heile oljeindustrien, seier Bleie.

— Tryggleiken var ikkje fråverande i tida før ulukka, ein var endeleg klar over risikonivået. Men folk tok det gjerne ikkje slik på alvor som etterpå. Det skjedde ei haldningsendring.

— Det var mykje cowboyverksemd dei første åra i Nordsjøen. Det var kome inn ein amerikansk kultur frå Mexico-gulfen og landanlegg i Amerika. Tryggleik var ein del av det, men kulturen var ikkje god nok, meiner Jakob Bleie.

Ifølgje Bleie tok både Oljedirektoratet og oljeselskapa ansvar for å få etablert ein systematisk sikkerheitskultur på norsk sokkel.

— Sikkerheit har mykje med folk sine haldningar å gjera, å få temaet på dagsorden, snakka om det. Det blei noko heilt anna etter ulukka. Også det teknologiske utstyret blei betra for å heva sikkerheita, seier Jakob Bleie. Som oppdaga ein stor overgang frå sikkerheitskulturen i oljeindustrien til transportnæringa då han kom inn i styreverv for HSD.

— Det var ein stor skilnad på rutinar og det å vera oppteken av sikkerheit. Men i etterkant av «Sleipner»-ulukka er det iallfall i HSD innført mykje av dei systema vi hadde offshore.

— Å satsa på sikkerheit er dyrt, men ulukker kan bli mykje, mykje dyrare, seier Jakob Bleie.

Utan opplæring

Roy Erling Furre, andre nestleiar i Oljearbeidernes Fellessammenslutning (OFS), tok til å jobba på Ekofiskfeltet eit år før «Kielland»-ulukka. Han minnest ein elendig statistikk offshore for HMS (helse, miljø og sikkerheit) offshore.

— Det mangla styringssystem, krav til beredskap, opplæring, risikovurderingar. Det var primitivt, og arbeidsmiljølova var ikkje gjort gjeldande, seier Furre til BT.

Folk drog ut på plattform utan opplæring, utan overlevingsdrakt. Det er sagt at enkelte drog på fest i Stavanger om kvelden og vakna på plattform neste dag.

— «Kielland»-ulukka var likevel eit sjokk for alle i bransjen. Hendinga førte til at grensene for sikkerheitsarbeidet til dei grader blei flytta, meiner Furre.

Sikkerheitsnivået blei gradvis heva dei neste 20 åra, for så å falla tilbake, ifølgje Roy Erling Furre.

- Nesten ny «Kielland»

— I 1994 kom Norsok-programmet med ei målsetjing om å spara 50 prosent av kostnadene på utvinning på norsk sokkel. Då oljeprisen stupte på slutten av 1990-talet, gjekk det klart ut over sikkerheita, meiner Furre.

— Kostnadskutta heldt fram, inntil me fekk «Snorre A»-uhellet i vinter. Det var nesten ei ny «Kielland»-ulukke. Eg vil tru at «Snorre A» vil setja sitt preg på «Alexander Kielland»-markeringa i desse dagar, seier han.

Furre meiner at oljeselskapet Phillips slapp billeg unna ulukka i 1980.

— Ved ei tilsvarande ulukke i dag, ville selskapet ha blitt jaga for godt frå sokkelen, seier Roy Erling Furre, som i 1999 overlevde ulukka med snøggbåten «Sleipner» og seinare var sentral i støttegruppa for overlevande og pårørande.

DYRT: - Å satsa på sikkerheit er dyrt, men ulukker kan bli mykje, mykje dyrare, seier Jakob Bleie.<p/> ARKIVFOTO: ROBERT BRÅTHEN