Mannen vil kome i dialog med innbyggjarane i bydelane. Ikkje noko problem.

— Kem e' du?

— Er det eit ekte smykke?

— Du må kome på skulen vår!

— Men eg trur du hadde blitt lei deg, vi er ikkje så veldig stille

— Kvifor er du her?

— Bur du i eit slott?

— Skulen gjorde slik at eg fekk astma!

Det er «crazy days» på Jernia og Nille har telys til 24,90 i pakkar på hundre. Det er tidleg ettermiddag, folk flest på Vestkanten Kjøpesenter er i aldersgruppa 15 og nedover og 60 og oppover.

Bransjen

— Kva er de opptekne av? spør mannen.

— Skulen. Den er gammal. Bøkene er urgamle. Ikkje noko kjekt å gå der, svarar ein representant for aldersgruppa 15 og nedover.

— I staden for å prioritere nye skular satsar vi no på vedlikehald. 400 millionar, seier mannen.

— ...

Standen med smaksprøver har god avsetning på Minestrone frå Fjordland. Ein representant frå gruppa over 60 veit kven mannen er:

— Korleis likar du deg i bransjen? Var det kjekkare å lage bollar?

— Tja, litt vemodig å slutte. Det er ein hobby som har blitt jobb. Det er ein tøff bransje. Ein blir fort kasta på håvve ut.

Mannen i dress kjøper lodd for 50 kroner frå Vadmyra IL, utan gevinst. Mannen går på ei handlevogn og stansar ei kvinne på krykkjer.

— Hei, seier mannen.

— Egve'kkje ka vi ska si om deg, seier kvinna.

Berre gutungen

Ei anna kvinne i gruppa over 60 veit.

— Eg har stemt Ap i alle år, men no er det slutt. Eg kjem til å stemme på Frp. Det kan ikkje bli verre enn det er no. Kvifor skal ikkje dei også få prøve seg?

— Han verkar så mykje eldre enn på bilete. Han er jo berre gutungen, seier venninna hennar, som stemte på Anders Langes Parti (forløparen til Framstegspartiet red. merkn.) i 1974 og sidan har lykkast å få mannen sin med på laget.

— Det kan ikkje bli verre enn det er no, repeterer kvinna i gruppa over 60.

Mannen i dress med det litt pussige smykket smiler.

Helge Sunde