• Vi kan ikkje leve av å koke rømmegraut og danse for turistane, seier Asbjørn Nes i Veitastrond bygdalag. Avslaget på planane om helikoptertransport til Kalda-Kari er ei katastrofe for bygda meiner han.

Første konsekvensen er at butikken blir lagt ned. Bygdelaget meiner regjeringa i praksis også har stoppa ei kraftutbygging til 200 mill.

Miljøvernminister Helen Bjørnøy seier nei til helikoptertransport-planane. Departementet meiner tiltaket ikkje høyrer heime i randsonen til ein nasjonalpark.

— Dette var nok slutten for Kalda-Kari-prosjektet, seier Asbjørn Nes.

— Dersom vi skal sjå på dette som eit signal om den nye distriktspolitikken til den raudgrøne regjeringa, er eg skeptisk til framtida. Vi kan ikkje leve av å koke rømmegraut og danse i bunad for turistane, seier Nes.

Ti år sidan

Det er ti år sidan helikopterideen blei unnfanga. Veitastrond Bygdalag ville byggje restaurant på den majestetiske fjelltoppen Kalda-Kari. Turistar med tjukk lommebok skulle flygast til topps med helikopter.

Problemet var at dei måtte ha landingsplass og løyve, og at fjelltoppen låg innanfor grensene til nasjonalparkområdet rundt Jostedalsbreen. Raskt blei turistprosjektet i Sogn ei omstridd miljøsak som vandra fram og tilbake i byråkratiet. Meir enn ein miljøvernminister har hatt saka på sitt bord. Kvar gong enda med avslag for initiativtakarane i Veitastrond.

Lenge låg prosjektet på is, men så flytta veitastrendingane landingsplassen rett utanfor nasjonalparkgrensa. Då Luftfartstilsynet velsigna planane sist vinter, blei det skapt ny optimisme. Tilsynet gav løyve til at flygingane kunne starte alt sist sommar. Ikkje mindre enn 4000 årlege avgangar blei det opna for. Men avgjerda blei etterfølgt av nye klager.

Butikken ryk

— Det verste er ikkje at vi har fått nei. Det er konsekvensane vedtaket får, både for oss og andre bygdelag som ligg rundt norske nasjonalparkar, seier Asbjørn Nes

I Veitastrond er butikken den første som vil ryke. Eigarane, Marit og Per Heggestad, har gitt beskjed om at dei avviklar til nyttår, dersom Kalda-Kari fekk avslag. Frå Veitastrond er det tre mil til Hafslo og næraste daglegvareforretning. Det er 30 kilometer på rasfarleg veg, ikkje minst vinterstid då bygda i lange periodar har vore isolert.

Det mest dramatiske på lang sikt meiner Nes likevel er formuleringane departementet brukar om nærliggjande område til nasjonalparkane. Det blir understreka at planane for Kalda-Kari er i strid med målet om god forvaltning av randsona.

«For nasjonalparken gjeld forbod mot lågtflyging, og ein landingsplass for helikopter tett inntil grensa vil påverka områda innanfor parken. Reguleringsplanane er såleis ikkje i tråd med ønskjeleg forvaltning av randsona», heiter det i avgjerda.

Vassdrag i randsona

Asbjørn Nes meiner Miljøverndepartementet i praksis innfører randsoner som juridisk omgrep:

— Konsekvensen er at nasjonalparkane blir utvida med fleire tusen kvadratkilometer. Det vil få dramatiske konsekvensar for næringsutvikling i bygdene som grenser mot verna område.

Han meiner vedtaket gjer at planane om bygging av fire kraftverk til ein samla prislapp på 200 millionar kroner vil bli stoppa. Utbygginga skal skje i området til sameiget, og ville gitt vesentlege økonomiske tilskot til bønder i bygda.

— Vassdraga ligg i randsona. Slik departementet formulerer seg, er det uråd å tenkje seg at dei vil godkjenne kraftutbygging innanfor randsona, meiner Nes.