Det som var ein krangel i eit rusmiljø, kunne fort fått dødeleg utgang. Midt på dagen i går oppsøkte ein 37-åring ein kjenning med ei brannbombe i handa. No er mannen i politiet si varetekt.

Han skal ha fylt ei flaske med bensin og laga til ei lunte som han tente på. Mannen skal så ha prøvd å kaste bomba mot eit hus, men huseigaren klarte å skubbe handa vekk.

Truleg sett fri

Brannbomba traff veggen og gjekk ikkje inn i gangen, ifølgje lensmann Webjørn Moa i Eid.

— Dei hadde krangla om mykje, mellom anna gjeld, seier Moa til bt.no.

No vurderer påtalemakta om mannen skal framstillast for varetektsfengsling.

— Truleg blir han sett fri i løpet av dagen, seier Moa.

37-åringen er kjend av politiet og har fleire dommar på seg, mellom anna for vinningskriminalitet, narkotika og vald. No blir han truleg sikta for forsøk på brannstifiting.